mandag 31. desember 2012

Året 2012

Det er ikkje så lett å velga ut nokre få bilete som skal representera 2012.
Eg fartar mykje omkring i naturen, og arkivet inneheld ganske mange bilete.
2012 starta med ein tur til Tromsø,
der eg fekk oppleva mørketida for første gong
 - her er eit par bilete som er tekne midt på dagen, i januar
 - januar baud på vind og snø, det vert kalla rennedrev her på Jæren
 - utover våren vart det mang ein tur i naturen, rundtom på Jæren
- Sikveland, Time Kommune
 - Nærland strand, Hå Kommune
- Refsnes strand, Hå Kommune
 - imellom Risa og Tunheim, i Time Kommune
 - Flor og Fjære, på Sør Hidle Strand Kommune
- ved Utstein kloster, Klosterøy i Rennesøy Kommune
- solnedgang på Jæren. Refsnes strand, Hå Kommune
 - Husmannsplassen Træet, Time Kommune
-I september gjekk turen til det store utland...
 Ontario Lake, Toronto Canada
- Niagara fossen, Canada
- fargerikt skue i solnedgangen, Selvæg strand, Nærland, Hå Kommune
- fin haustdag ved Revholstjørn, Gramstad, Sandnes Kommune
 - store nedbørsmender heile hausten gjorde at elver og marker var fulle av vatn
- Brusand strand, Hå Kommune
 - i desember kom ein kuldeperiode og snø heilt ned i sjøkanten
- godværet varte berre nokre få dagar, 
før storm, orkan og snø laga store snøfenner og kaos på Jæren
- mildeveret kom like etterpå og smelta snøen like fort som han kom....
- rett før jul på Ræge strand, Sola Kommune
Året 2012 går no mot slutten

- Eg vil ynskja alle
GODT NYTT ÅR
måtte 2013 bli innholdsrikt og fint!

søndag 23. desember 2012

Jeg vil ønske alle mine lesere 
en fin og fredfull julehelg!

onsdag 19. desember 2012

Morgontur på Sola og Ræge strand

- sola var ikkje komen opp då eg starta turen.
- fargane som gjekk igjen var grått og blått.
Sanden er frosen og det ligg litt snø her og der.
- sola er på veg opp over åsen og fargar himmelen i mellom skyene.
- det ligg enno litt snø langs sanddynene på Sola strand
- eg går i retning Ræge stranda
- det er vindstille, bølgjene kjem stille mot land
 - sola gløttar såvidt framom 
 - før ho igjen gøymer seg bak ei sky
- strendene ligg tett opp til Sola flyplass,
så det skjer innimellom at både fly og helikopter, 
går inn for landing rett over strendene
- friskt og godt med ein tur langs sjøen,
etter mange innedagar medan uveret stod på.

torsdag 13. desember 2012

snø + vind = rennedrev dag 2

Det har snøa tett i eit døgn, og det sånn ca 1 meter med snø hos oss
- det er ikkje ofte at det kjem så mykje snø på ein gong, her på Jæren.
 - sånn midt på dagen tok eg meg ein tur ut,
- ved alle innganger til huset, ligg store snøfenner....
 - det blåser godt, det er kaldt, og tungt å kava seg fram over snøfennene,
så det vert ein kort runde mellom husene
 - vinden tek godt tak i snøen

 - buskane heng tunge under snømengden
 - somme tider kan vi ikkje sjå husa til naboen
 - her er ein bil og ei inngangsdør....
(her vart all snøen måka bort i går kveld)
 - no i ettermiddag vart det ein liten pause i uveret
 - vinden roa seg og det slutta å snø
- vakkert når snøen ligg stille og kvit på bakken....
- så spørs det om den stive kulingen som er meldt, 
får fart på snøen igjen, i løpet av natta og morgondagen.

onsdag 12. desember 2012

snø og vind = rennedrev

Her på Jæren har me i det siste hatt kaldt vintervær,
med klar blå himmel og fine solnedganger

- i dag kom værskiftet
det vart mildare, vinden auka på og snøen lava ned.
- først stakk eg berre kameraet såvidt utanfor døra
og tok bilete derifrå.
 - etter ei stund måtte eg berre ta meg ein tur ut....
- snøen hadde til og med hengt seg fast i spindelvevet 
 - snøen hadde allerede begynt å samla seg i snøfenner
 - det bles godt og snøen kom på tvers
 - det var kaldt, så eg gjekk ikkje så langt
 - desse bileta tekne rett utanfor bygningane på gardsbruket...
 - det er godt å koma inn att i varmen...
- når ein ikkje må ut, 
er det fint å sitja inne og sjå på snøen som fyker forbi...