lørdag 2. mars 2013

Kvassheim fyr - Kvalbein strand - Holmestø

Eg har fleire gonger vore både på Kvassheim fyr og i Holmestø,
men har ikkje gått turen mellom desse plassene.
For ikkje så lenge sidan vart eg fortalt at det var ei flott sandstrand der,
noko som eg aldri hadde høyrt om tidlegare.
Vi valgte å gå turen ein søndag i februar,
været var sol frå blå himmel og ingen vind - nesten vårlig i lufta.
Mange andre hadde tenkt same tanken som oss og var ute for å nyte godværet.
Det var til tider folk over alt, store og små, med ryggsekk og nistepakke,
andre grilla pølser i sjøkanten.
Vi starta ved Kvassheim fyr,
- første delen av turen går vi i utkanten av bondens beite,
her er det stein på stein i sjøkanten.
- landskapet endrar seg og ei stor sandstrand dukkar opp bak ein sving
 - når vi går mot Hølmestø, er det litt vanskelig å få brukt kameraet der eg vil,
det er stadig folk rundt oss.
- stranda er på ein måte litt oppdelt, med steinpartier her og der
 - på andre sida av denne bukta er Hølmestø
- der set vi oss mellom steinane og har ein liten rast,
før vi snu og går tilbake
- i Holmstø finns det antydning til ei lita sandstrand
- denne bukta er delt i to med eit gjerde,
eg er litt usikker på om denne stranda vert rekna som ein del av Holmestø,
eller ein del av Kvalbein
 - vi er tilbake på Kvalbein strand
 - ei stor lang strand
- fotspora var mange
 - i nordre enden av strand, ser ein rett ut til Raunen,
den einaste øya/holmen som finns utafor Jæren før ein kjem til Feistein i Klepp
 - vi er snart tilbake på traktorvegen
 - som fører oss tilbake til fyret på Kvassheim.
- ein fin og opplevelsrik tur...
Litt merkelig å tenkja på at denne stranda har vi køyrt forbi i mange år, 
utan å vita at ho finns.
Det set tankane i sving, 
 eg lurer på kor mange andre "skjulte" naturperler vi har i nærmiljøet....

2 kommentarer:

  1. Jeg tenker nesten hver gang når jeg er innom her hos deg at Jæren må være stort som Texas, og nå lurer du visst litt selv også :-)

    Nydelig landskap og flotte bilder som vanlig :-)

    God helg!

    Irén

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein kan nesten begynna å lura..... :)

      God helg til deg og!

      Slett