lørdag 30. mars 2013

På vandring langs jærkysten, Hå Gamle prestegard - Skeie flystripe

Turen starta der eg stoppa for to dagar sidan,
ved Hå Gamle Prestegard, Hå kommune.
Vi går gjennom tunet på prestegarden og forbi det gamle Jærhuset
 - vidare på stien mot Håelva og Jonsahuset
 - ein må over hengebrua for å kome seg over på andre sida av elva
 - her ser ein elva som renn stille 
  - og møter havet ved Håtangen
 - vi går langs dei mange steingardane på Nærland
 - snart er det slutt på steingardar, mark og eng,
 Nærland strand ligg framfor oss
- i strandkanten ser vi to fuglar som vi ikkje har sett før,
- vi veit heller ikkje navnet på dei...
 - bølgjene slår flott mot land
- vi har kome til enden av Nærland strand,
og går over tangen som ligg mellom Nærland og Refsnes
 - når vi rundar neset ser vi ut over Refsnes strand
 - sjøen grev seg innover i sanden
- vi må over Salteåna som deler Refsnes strand i to
 - stranda er nesten heilt rein og fri for rusk og rask i dag
- berre litt tang og tare i enden av standa
 - vi er no såvidt komne over i Klepp kommune,
i enden av Skeie flystripe
 - her stoppar turen for i dag,
men eg skal fortsetja nordover ein annan dag....

5 kommentarer:

  1. På Hå har jeg vært flere ganger. Nydelig natur der.
    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er berre 5 minutt unna der eg bur... :)

      Slett
  2. Så fekk eg meg ein tur til sjøen idag også, via bloggen din :)
    Flotte bilde av Jærnaturen!
    Det er like kvitt på bakkane hos deg som det er her ser eg...

    God 1. påskedag :)

    SvarSlett
  3. Så fine billeder som altid. Tak for turen. Jeg er vild med de to øverste billeder fordi jeg jo elsker biller af huse!

    SvarSlett