søndag 28. april 2013

Langs veien...

Langs veien, kan ein finna mange spanande ting å sjå på,
om ein berre tek seg tid til å sjå seg rundt.
Det er ein stille grusvei å gå på,
bonden som ein gong budde her, har lagt ned gardsdrifta.
 Her finns eit gamalt hus laga av stein
 
 - det er ein kald morgon i april,
her og der ser ein at våren er på vei....
 -eg ser rester av ei gamal grind
 - mange flotte kunstverk på mosegrodde tre
 - det grønkast...
- kunstverk på ein stein
 - ein overgrodd steingard
 - denne veien tek slutt, og eg svingar inn på ein ny, litt mindre bortgøymt vei
- eg ser noko som set fantasien i sving
- løvetann som snart er i full blomst
 "trekunst"
- det grønkast i bakkane
 - eg ser steingardar 
 - som som er bygd på ein heilt annan måte,
enn heime på flate Jæren
 - nok eit hus bygd i stein
 - rundturen er snart slutt, 
eg ser utover fjorden, før eg går nedover mellom trea igjen....
 - det er fint å rusle slik på stille morgener, 
lytta til fuglesangen og sjå på alt det som finnest rundt meg.
- Tofting i Lindås kommune.

mandag 22. april 2013

Topptur i Bergen

Eg har lenge hatt ein drøm om å koma meg opp på forskjellige toppar rundt omkring i Norge.
Eg har dei siste åra trent for å bli i så god form, at eg kan prøva meg på desse turane.
For ei tid tilbake sette eg av denne helga, for å gjera eit forsøk på den første av toppane:
Stolzekleiven i Bergen 
 - ein plass i Fjellveien, startar turen oppover fjellsida
 - Stolzekleiven vart åpna i 1939,
- har ein høydeforskjell på 313,5 meter
- lengde ca 961 meter
- stigning på mellom 20 og 40 %
- 908 trappetrinn
- det går sakte oppover, steg for steg,
og mang ein pause måtte til
 - store deler av turen går inne mellom store tre/skog,
men her og der kan ein sjå utover byen
 - midt oppe i lia finn ein dette skiltet,
- pusten er allerede tung og låra har begynnt å kjenna alle trappetrinna,
og så får ein vite at framleis er det eit godt stykke igjen.... :)
 - litt lenger oppe
  står dette skiltet
- utsikt mot havna
 - oh yes, eg har nådd toppen...
- her finns eit utkikkspunkt.
Når vi går ut på fjellkanten, slår kulingen mot oss.
Mine turvenner har fotografert meg, 
når eg delvis ligg på fjellknausen, 
for å prøva og fotografere Bergen by i den sterke vinden.....
- Bergen by, ein grå og vindfull dag
 - mange går ned att same vegen,
 men vi valgte å til Fløien for å ta Fløibanen ned att.
Oppe på fjellet, finns gode turstiar i fleire retningar.
Vi gjekk forbi fleire delvis islagde vatn
 - vi valgte den korteste ruten til Fløien.
Frå Fløifjellet har ein god utsikt over byen.
 - med Fløibanen er turen ned frå fjellet unnagjort på noen minutter
 - mange har i forkant advart meg mot den "tøffe" turen opp Stolzekleiven,
ja, det var ein utfordring,
 men eg er ikkje verre enn at eg kan tenkja meg å ta turen på ny, ei anna gong.

fredag 19. april 2013

Ut på tur igjen.....

Ein av dagane siste veka,
kom med opphald, mindre vind og god temperatur.
Det var dagen då eg kjende at eg hadde lyst til å gå meg ein tur igjen...
Nærland er ein fin plass å starte, der kan ein køyre heilt ned til stranda.
- eg går sørover, og i enden av stranda ser eg fleire svaner
 - desse to haldt seg for seg sjølv
- eg går vidare
 - på grusvegen langs steingardane
 - eg svinger ned mot Selvåg strand
 - sjøen kan ha mange fargar,
i dag er han mørke blå,
 -  kvite skummande bølgetoppar kjem mot meg når eg kjem ned til stranda
 - med eitt kjem eit par svaner fykande forbi...
 - eg vert aldri av å sjå på bølgjene
 - dei endrar seg heile tida, i størrelse og fasong
 - sjølv om det er vanskeleg å "riva seg laust",
- må eg ta fatt på tilbaketuren, og finna vegen heim til ei varm stove...
Ein frisk og fin luftetur.