onsdag 29. mai 2013

Naturen har mykje å by på, uansett vær.....

Det er grått, litt regn og vindstille...
- ein perfekt ettermiddag for ein tur langs steingardar og vatn,
på Nærland og Håtangen.
 - langs steinagardane var det mykje løvetann,
men her og der fann eg nokre andre blomar og
 - gamal og ikkje lenger til nytte...
 - vanndråpar la seg så fint på blomar og blad....
 - ved utløpet av Håelva fann eg fleire blomar
 - det er grått, men likevel så flott
 - her vart eg værande ei stund
 - eg såg stadig nye fine motiv
 - kunne liksom ikkje sjå meg mett på alt dette vakre 
  som naturen her baud på
 - til slutt måtte eg riva meg laust,
og gå til bake langs steingardane
 - her og der fann eg fleire fine motiv
 - vindskeive tre ser ein ofte på Jæren
- uansett vær, er det fint å vandre langs sti og vei,
nyte roen, og sjå på det vakre naturen kan by på.

søndag 26. mai 2013

Fotoserie frå Veterantreff

Veteranfolket møttes denne gongen, på Bryggen i Hommersåk.
Her kom kjøretøy i alle fargar og varianter...
Denne fotoserien viser eit lite utvalg av det som var å sjå..
 - brannbil
- Volvo P 1800
 
 - volvo herregårdsvogn
  - det blenkjer i nypussa bjeller på brannbilen
 - gråtass
 - mange detaljer
 - A ford
 - Volvo amazon 
 - 1954 modell frå DDR
tilhengeren var ein mobil målestasjon som televerket brukte i DDR
 - det skin i blankpussa crom

- min kunnskap om bilar er ikkje så stor,
så difor vert det ikkje så mange fakta i dette innlegget.
Kanskje du ser eit kjøretøy som vekker gode minner hos deg.

fredag 24. mai 2013

På jakt etter fotomotiv, i gråvær og regn....

Eg startar på parkeringsplassen på Gramstad 
 - eg går forbi Gramstadtjørn.
Det er vindstille og overskya....
 - når eg kjem til Revholsholstjørn blir det mørkare,
og like etterpå regnar det godt.....
 - eg sitter på ein stein under trea, i håp om at regnet skal gje seg...
- frå denne vinkelen finn eg mange interessante motiv....
 - regnet aukar på og eg går vidare,
 eg kjem snart til ein av stiane som fører til Dalsnuten
 - tilbake ved Gramstadtjørn finn eg fleire fine motiv
- naturen har mykje fint å by på,
på gråværsdagar og....