fredag 19. juli 2013

På tur langs Kongeveien

Kongeveien er ein 10 km lang tursti langs havet,
frå Kvassheim til Hå Gamle Prestegard, i Hå kommune.
Ein kan gå deler av stien, kort eller langt,
og det er mogleg å parkere bilen i nærheten fleire plasser undervegs.
Eg starta ved Obrestad havn og gjekk sørover til Reime.
Stien går oppe langs kanten av denne høgda.
 - stien går i utkanten av bondens mark og eng,
ofte beiter dyra langs stien
 - vi må over fleire gjerdeklyvarar
 - dyra er vandt med folk,
og som regel berre ser dei litt på deg og beitar vidare
 - eg ser opp mot gardsbruka på Reime
 - dagens mål er dette gamle naustet på Reime
 - her vandrer eg litt rundt og leitar etter motiv
 - før eg starta på returen
 - merker no at det vert litt kjøligare,
skodda er på veg inn frå havet
 - frå blomst til blomst
 - Obrestad 
- eg er snart tilbake til utgangspunktet
 - langt der nede sit skarven på sin stein
- denne turen er ikkje så lang,
for meg er det ein passeleg lang luftetur,
- kanskje ei kveldstund etter ein travel dag.

2 kommentarer: