søndag 21. juli 2013

Tur til Månafossen og Mån

Innerst i Frafjord, ved Eikeskog 
finn ein parkeringsplassen ein går frå, når ein skal til Månafossen og Mån.

Skodda er i ferd med å forsvinna heilt, når vi er klar til å ta fatt på turen.
 Det går oppover frå første steg
 - stien opp til Månafossen er delvis bratt og ulent.
På dei brattaste plassane er det sett opp trapper,
og kjettingat til å halda seg i.
 Månafossen stor og mektig, med sine 92 meter i fritt fall.
Fossen er verna og er ein av Rogalands største turistattraksjonar.
 - enkelte er litt dristigare enne andre.....
 - på veien vidare innover mot Mån,
ser vi fossen her og der inni mellom  trærne.
 - i Fidjadalen ligg enno nokre skoddeskyer nedover fjellsida
 - innerst i juvet, er det ein ny fin utkikksplass ned mot fossen
- frå Månafossen til Mån varierar landskapet frå fjell, til stein og skog 
 - Fidjadalen, stille og vakker mellom høge fjell
Litt historie:
På den frodige grassletta rundt hovedbygningen 
finnes det en rekke lett synlige rester etter fjellgarden Mån
 som var i drift fram til 1915. Små rydningsrøyser, 
7-8 åkerlapper med reiner og 2 rektangulære hustufter
 som er mellom 20 og 30 meter lange, er synlige i kulturlandskapet
Mån var den første gården som ble ryddet i Fidjadalen – trolig allerede i tidlig middelalder. Sikker kjennskap til stedet får vi først i 1571, da kongen la ”Gaarden Moenn” til Stavanger Presteboll som beneficieret Gods. Først i 1850 kom garden i privat eie, 
da oppsitter Peder Eriksen kjøpte den for 300 Spd. 
I 1854 ble Mån delt i to bruk. Våningshuset som Jæren friluftsråd restaurerer er den eneste bygningen som står igjen. De andre byggingene ser vi bare tuftene av.
 - innover Fidjadalen
herifrå kan ein gå fleire timar innover i fjellet....
 - vi åt nistepakken heilt nede i elvekanten.
- med sol frå blå himmel og ingen vind,
vart det ein laaaaang matpause.
 - sola varmer no godt innimellom trea 
 - sola har nådd fossen 
 - ser du godt etter kan du sjå regnbuens farger i dråpehavet
 - vakker og mektig
 - nedover trapper og berg
 - snart er vi nede ved ein overfyllt parkeingsplass
- dette er ein fin tur, oppstigninga vil kanskje vera ei utfordring for nokre,
men tek ein tida til hjelp så vil nok dei aller fleste klara turen.
Eg har vore her mange gonger og sett mang slags fottøy i bruk:
høghæla sko, tresko, strandsko, lakksko osv
så mitt råd er: bruk sko som er beregna på slikt terreng,
for å best mogleg tur opppover liane....

2 kommentarer: