mandag 19. august 2013

Bli med til Helgoland....

Med båt frå Büsum i Tyskland, reiser vi mot Helgoland.
Overfarten tek 2,5t, mesteparten av tida ser vi berre sjø på alle kantar.
Med eitt dukker øya opp, langt borte, såvidt synleg i disen.
 Helgoland - den tyske øya i Nordsjøen,
ligg ca 70 km utanfor vestkysten av Sleswig Holstein.
Helgoland består i dag av to øyer.
Fram til 1720 var det ei øy, 
ein storm øydela den naturlege forbindelsen og delte øya i to.
Øya har ca 1650 fastbuane.
Øya er ein av dei stadane i Tyskland, med flest soldagar/timar.
 - Dei store båtane kan ikkje leggja til kai på øya,
så alle må ombord i mindre båtar
-  vi blir frakta inn til land, og går av ved gangbrua opp til kaiområdet
- på sørspissen av øya finn ein butikkar, hotell m.m.
noko av det første vi legg merke til, 
er dei fargerike småhusa - dei huser bl.a. butikkane
 - ein kan ta heis, gå eller vera med på ein av dei guida turane
for å koma opp på toppen av øya
 - handlegata
 - gamle ting brukt som pynt....
 - innanfor den store moloen er det ei stor og lun havn
 - fargerike hus over alt
 - kaiområdet
 - vi sette oss på ein av minibussane og vart frakta opp til Oberland,
der vi hadde ein rundtur.
- nord på øya gjekk vi av for å sjå litt meir på fuglefjell og området rundt.
Vestkysten av øya ligner litt på Grand Canyon...
og er heilt ulik dei andre sidene av øya.
- her er eit stort fugleliv,
fuglane utnyttar kvar minste plass i fjellsidene
 - det ganske interessant å studera fuglelivet her
 - fjellformasjonane fenger og stor interesse
 - dei treng ikkje store plassen desse fuglane...
 - heilt nord på øya.
Denne store steinen vert kalla Lange Anna
 - snart er bussen tilbake for å henta oss,
og vi setter kursen mot dei fargerike husa og havna
- der båtane ligg på vent, for å ta oss tilbake til fastlandet
- eit kort (altfor kort) og spanande besøk på øya i havgapet...

4 kommentarer:

  1. Takk for spennende og informativt innlegg! Dette var helt ukjent for meg, men kjenner at dette hadde vært noe.
    Artig at du viser så mange bilder!


    Ha en fin mandagskveld!

    Klem

    SvarSlett
  2. For en flott plass! En meget speciel plats må en si.
    Fine bilder som gjör at eg får lyst å reise dit.
    Takk for turen Ruth :D

    SvarSlett
  3. Takk for turen!
    Såg fasinerande ut..

    God natt :-)

    SvarSlett
  4. Helgoland
    - så både spennende pg fargerikt ut.

    Du er nå både her og der på tur, alltid du : )

    SvarSlett