torsdag 24. oktober 2013

Skodd, regn og mykje frisk luft....

..... eller mykje vind om du vil...
Turen går i dag i området rundt Hå Gamle Prestegard,
 - langs Håelva, 
- det siste stykket elva møter havet
 - det er vått og grått - og helst litt kaldt
 - eg passerer hengebrua som bind Hå og Nærland saman
 - elva er stor
 - stien er og full av vatn
 - Håtangen/Voien 
 - sjølv på slike grå dagar, finn eg mykje fint å sjå på....
- ein frisk, luftig og god tur...
- og veldig godt å koma innomhus igjen,.....

onsdag 16. oktober 2013

Solrik og varm morgon i oktober, ved havet

Sola varmer, det er heilt vindstille,
nesten sommarsleg, 
denne føremiddagen i midten av oktober.
Vi går mot nordre enden av Brusand strand,
der Fuglestadånå møter havet
 - alt speglar seg så flott i vatnet
- ein får ein følelse av stillhet og ro
 - oppe på sanddynene ser ein langt ut over havet...
.
- der elv møter hav
- mot Holmestø og Raunen 
 - sjølv om det er vindstille så bryt bølgjene vilt og vakkert mot land
 - ved nausta i Holmestø
 - er det fint å sitje i solveggen, 
nyte sol og varme, samt sjå utover havet
 - Raunen, den einaste øya langs Jærkysten, mellom Brusand og Sele.
Her langgrunt og mang ein båt har gått på land...
- den vesle fyrlykta på øya viser vei for båtane.
Det er blitt meg fortalt,
at huset på øya vart brukt som matlager/nødproviant
til dei som var så uheldige å gå på grunn her..
- sjølv om ein har mest lyst til vera her lenger, 
- er det på tide å reise heim, og ta fatt på dagens gjeremål...
Ha ein god dag.

tirsdag 8. oktober 2013

Haust på eigne tufter...

Det er disig og vått,
når eg ruslar rundt på eigne tufter...
 - over alt ser eg at hausten har sett sine spor
 - gras, vei/sti er våte etter siste dagers regn
 - eg rusler vidare 
 - på gjengrodde stier
 - langs steingard
 - og beitemark
 - fargane er mange og fine
- ein fin og opplevelsrik runde på eigne tufter er over...

lørdag 5. oktober 2013

Grått ved havet....

Nokre solstråler kom gjennom skylaget
 i det eg stoppa bilen i Madland havn, Varhaug
 - store flotte skyer heng over sjøen
 - snart forsvinn sola, og det vert gråare
  - eit rusta båtvrak ligg heilt ned i sjøkanten
  - skyene vert møkare
- like etterpå kom regnet.
Sjølv på ein grå og vindfull dag, er det fint å gå langs sjøen.