mandag 23. desember 2013

Julestemning "down under"......

Då vi tok turen til den sørlege halvkule, i slutten av november,
hadde gater og butikker i Norge, vore julepynta ei tid...
- vi vart ganske raskt bevisste på "mangelen" av pynt då vi ankom New Zealand
Her og der såg vi ein dekorasjon eller to,
men stort sett så måtte vi inn i "julebutikken" for å finna meir julepynt...
I Nelson var vi innom eit par slike butikker, 
mest fordi eg var litt forveten på kva slags julepynt dei bruka på denne sida av jorda.
Her var det mykje som minna om norske tradisjonar.
- samt ei avdeling med litt meir "moderne" julepynt
- på ein cafe fann vi dette juletreet ,
- det tek iallefall liten plass...
 I Wellington Zoo hadde dei brukt plastflasker....
 - Wellington flyplass
- stjerna har fått plass midt på treet, 
noko som ikkje er uvanleg på New Zealand,
dei har ofte ein engel på toppen
 - det fanns meir tradisjonelle julekort,
men eg valgte desse to med Kiwi fuglen på
Sydney flyplass, Australia
Sydney Tower
- i følge plakaten, var nissen ute og mata reinsdyra...
Darling Harbour, Sydney
- her og der kunne vi høyre lyden av ein julemelodi eller to,
og det var med eit smil om munn vi lytta til "I'm dreamimg of a white Christmas"
Med 28 grader og sol frå blå himmel, er det vel ikkje store håpet om å få ei kvit jul....

Når eg tenkjer etter, 
så er det meir naturleg at vi i Norge bruker mykje lys både ute og inne,
her er jo vinter og mørketid.

Eg vil ynskje alle ei fin og fredfull julehelg.

1 kommentar:

  1. Great to see your Christmas photos around Darling Harbour. :)

    SvarSlett