onsdag 29. januar 2014

Hunden Meso

Meso er ein snill og godlunt hund
 har "sin" stol i stova
 - Meso har ein venn, "Wiskey" som bur i nabohuset
- dei er ofte i lag...
 - Meso bur i nærheten av sjøen
 - og likar godt når eigarane går på turar dit
- Meso ein hund vi vart kjent med på vår ferie i New Zealand...

tirsdag 28. januar 2014

Storm + snø = rennedrev

Sterk vind har herja på Jæren i lengre tid..
Lørdag kom nedbør i form av snø, i tillegg til vinden.
Storm + snø, det kaller vi rennedrev her på Jæren
Snøfokk eller snøstorm seier andre.
Det er ganske vanleg at snøen kjem på tvers,
somme stader vert snøfennene store og lange,
andre stader er marka bar...
- slik kan det sjå ut medan det står på
- bileta frå rennedrevet er frå tidlegare år
Dei tre siste bileta er frå søndag 26.januar- dagen etter siste snøstorm
- vinden har roa seg og vi får ein fargerik soloppgang
 - ved Obrestad fyr 
 - 2-3 mil lenger nord på Jærkysten, ved Sele havn, er det snøfritt
 - det er ikkje uvanleg at snøstormen herjar på deler av Jæren,
medan resten av kyststripa får lite eller ingen nedbør....

tirsdag 21. januar 2014

Vinter på Jæren

Etter mange dagar med sterk vind,
endra været seg til litt snø, og nesten vindstilla...
Heime skin sola, ute i havet heng mørke og tunge"snøskyer"
- eg tek ein tur til sjøen,
første stopp er Obrestad havn
 - frå Obrestad fyr ser eg ned på Hå gamle Prestegard
 - ved Prestegarden parkerer eg bilen
 - eg rusler vidare på stien mot Hå elva
 - skyene sig innover land
 - hengebrua over Håelva
 - eg går ikkje over brua, men vidare langs elva,
mot havet
 - eg ser over vika til Håtangen/Voien
 - skyene endrar farge, men held seg innan den blå fargeskalaen
 - eg går opp frå havet
- mot parkeringsplassen
 - her ser eg mot Obrestad fyr
- ein frisk, fin og vinterlig tur ved havet...

onsdag 15. januar 2014

Kaldt og friskt i Obrestad havn

Obrestad havn ein solrik, kald og frisk vinterdag...
Vinden er aukande og gradestokken viser rundt 0 grader.
- eg ruslar kun ein kort runde 
 - i sør er skyene mørke
 - kanskje det er den meldte snøstormen som er på vei...

torsdag 9. januar 2014

Dagslyset i nord...

 Det går no mot slutten av mørketida i nord.
Lyset som viser seg eit par timar midt på dagen,
 gir himmelen fine farger.
.
I sør er det gult og oransje som dominerer

 - medan i nord er det meir rødt og blått

- fasinerande og vakkert....


søndag 5. januar 2014

Turist i Tromsø by....

Mørketid, lite snø, vindstille..
- ein vinterdag tidleg i januar, i Tromsø by.
Eg starta byvandringa ved kyrkja midt i sentrum
Uret kyrkjetårnet viser at klokka er 1 - midt på dagen

- det er fortsatt mørketid her nord
og delvis lyst eit par timar midt på dagen

 - min tanke var å gå langs kaien,
men mykje arbeid og delvis stengt på kaiområde,
fører til at eg går litt i til og frå

-" visit Tromsø" held til i denne gamle fine bygningen 
- i sør skin sola så vakkert bak fjellet,
nesten som ein solnedgang midt på dagen
 - brua som bind Tromsø saman med fastlandet
 - på fastlands sida ligg Ishavskatedralen, - eller Tromsdalen Kirke 
 - ruta til fjellheisen, i snøen og i sjøen
 - innimellom husa skimtar ein sola i sør
 - nesten heilt spegelblank sjø

 - eg avsluttar byvandringa i Tromsøs handlegater,
der julelysa framleis lyser opp i mørketida
- kjekt å rusle rundt, bare sjå på det som er,
- bruke den tida ein treng utan å haste avgårde...