lørdag 8. mars 2014

I Garborg sitt rike...

Forfatteren Arne (født Aadne) Garborg (1851-1924)
var frå garden Garborg i Time Kommune,
5 km vest for Undheim.
I 1899 fekk han bygd ei skrivar/sommarstove på Knudaheio, 
0,5 km sør aust for Undheim.
Det er i området rundt Knudaheio eg har vandra.
Først går eg opp til steinansiktet av "an Aadne".
skulpturen er plassert oppå ein av toppane ved Knudaheio,
og Arne står med ansiktet mot flate Jæren
 - herifrå ser ein ned på Undheim 
 - skrivarstova til "an Aadne"
 - og langt ut over Jæren
 - etter å ha vore på eit par toppar
 - går eg ned til Bakkatjern
 - før eg går opp på neste topp
 - mot Lye
 - skrivarstova ser ein frå alle toppar eg går opp på
- eg går eit stykke på ein grusveg
 - før eg kjem ned til Knudaheio
  Arne og kona Hulda er gravlagde i gravhaugen i hagen
Når eg les det som Arne Garborg har skreve
 tenkjer eg at han må ha vore framsynt:
Menneskene har glemt å leve.
Livet skulle være en kunst, men har blitt en handel.
Folk finner sjelden livets mening i arbeidet,
men i det de kan få for arbeidet.
 - innan for steingarden, delvis gøymt  bak vindskeive trær
finn ein skrivastova til Arne Garborg,
- som i dag er ein del av Jærmuseet.

2 kommentarer:

  1. Dette er kjente trakter.
    Koselig å se utover Jæren.
    Flotte bilder :)

    SvarSlett
  2. Tak for turen, og du har ret, de ord passer på tiden i dag. God søndag :-)

    SvarSlett