fredag 30. mai 2014

Ei reise gjennom Slovenia 4

Vi vaknar til fuglekvitter og sol som varmer,
nok ein fin dag har begynt.
 Dagen skal brukast til turar i Ratece, 
og andre småplasser i dette området.
- like utanfor hytta finns det både blomstereng og vatn, 
- eit av dei karakteristiske tørkestativa
- vi snur ryggen til blomstereng og vatn,
og beveger oss innover denne dalen
 - her veks mange blomar
 Innerst i dalen, i Tamar
 - der snø fortsatt ligg på bakken
-  finn ein eit populært turmål, for store og små.
- her er eit lite kapell, ein liten kiosk/kafeteria,
og ein stor åpen plass til leik og morro.
Ein stille og fredelig plass, der det er lett å kjenna at roen senker seg.
 - på tilbakevegen gjer vi eit kort stopp ved hoppbakken i Planica
 - det store hoppet er under renovering,
så her kryr av biler og arbeidsfolk.
 Vi får no selskap av fire damer,
som skal vera ilag med oss resten av dagen.
Alle 7 er vi på ein eller anna måte involvert i Debra 
vi skal nyte dagen saman,
 utveksle erfaringer frå daglivet og organisasjonsarbeid
-  hovudgata i Ratece
 - samtalen går lett over ein god middag
 - Frå Ratece er ikkje veien lang til den Italienske og Østerriske grensa,
Vanlegvis må ein ta føtene fatt for å koma opp toppen av Pec 1509 moh
ein tur som tek ca 2,5 t
- vi fekk lov til å bruke bil. ca 30 minutt oppover på ein humpete traktorveg
Her møtes dei tre landa, damene under sit i kvar sitt land...
 - I Slovenia ser ein ned mot Ratece og dalen innover mot Planica
- i Italia ser vi stort sett bare trær
 - den beste utsikten er i Østerrike
- ferda går vidar til Jasna -Kranjska Gora
 - eit vakkert turområdet like utanfor Kranjska Gora sentrum
 - det går mot kveld,
og vi avslutter ein fantastisk dag
med ein rusletur til tjernet i skogen, i Zelenci

- ein fin dag der vi alle har sett, lært og fått ny informasjon
- ting som angår organisasjonsarbeidet,
og ikkje minst alle opplevelsane frå naturen i området.

torsdag 29. mai 2014

Ei reise gjennom Slovenia 3

On the road again...
Det er tidleg morgon,
og vi er igjen på vei mot nye mål.
Mine venner og veivisere har lagt opp til eit mangfoldig program,
dei har så mykje dei vil vise fram.
Morgonsola har begynnt å varme,
i dette området er det fortsatt kalde netter.
Vi suser forbi Kranjska Gora
 sol, blå himmel, grønne marker og snødekte fjell - eit vakkert syn
- her ser ein og dei karaktieristiske "stativa",
 som bl.a. brukast til å tørke gras og lagre ved.
- min tanke om dette er, at her må det bare regne rett ned,
og ikkje på tvers som heime på Jæren...
 Grotta i Postojnska er den mest kjente i verden,
består av eit nett med tunneller, passasjer, galleri og haller.
Grotta er den største turistattraksjonen i Slovenia,
og er ein av verdens største Karst monumenter.
- inne i grotta er det 8-9 grader året rundt,
vi er godt kledde og klar for ein tur under jorda.
 - etter ca 1 km reise med tog
vandrer vi vidare ca 120 m under bakken.
Grotta har fire nivå, så vi går oppover og nedover,
over og under bruer. gjennom store og små rom.
- det er forbudt å fotografere inne i grotta
blitzlyset forsinker dannelsen av monumenta.
Det er ein merkeleg følelse å gå rundt der inne,
bare nyte og ikkje få lov til å dokumentere alt det vakre som finns.
I motsetning til mange andre,
valgte eg å vera lovlydig, 
og i staden bruke eit par postkort som minne.
- denne vesle krabaten lever kun ein plass i verda,
- bare inne i denne grotta.
Dei er små og i mørkret er dei ikkje lette å få auge på,
Nokre har sin heim i eit glassbur inne i grotta,
så vi får ei aning om korleis dei ser ut...
- her som i resten av grotta, ingen fotografering,
så biletet under er ei mindre god avfotografering av eit kjøpt bilete
- I Slovenia er det mange slott og festningar.
Postonjska Jama/slott
er endra og påbygd fleire gonger.
Antakelig påbegynt allerede på 12 hundre talet.
Dei eldste tinga som er tekne vare på,
er frå siste del av 13 hundre talet.
Slottet er bygd tett inn til fjellet,
slik at fjellet er ein del av byggverket.
- det vesle huset oppe til venste, er doen
- der som over alt inne i slottet er det opninger i veggene,
slik at alt avfall rann rett ut i det fri....
- om ein er villig til å gå ca 200 trappetrinn ned under slottet,
kan ein beundre vakre monument i grotter og ganger nede fjellet 
- oppe i andre etasje
eit av horna på veggen var datert 1809
- aktivetsromet til damene.
- når ein ser på innretninga barnet står i,
så har dei her vore kreative og tidleg ute...
- eg trudde det var vår generasjon som starta med bruk av all slag utstyr og dippedutter,
for store og små
- i denne etasjen finn ein opninger fleire stader,
til bl.a. kanoner
Denne vesle opninga gir god oversikt over kven som vil inn i slottet
- andre opninger gir god oversikt over kven som kjem opp gjennom dalen
- brua er inne i slottet og fører inn i ei stor hule i fjellet
- her i slottet som "over alt" i Slovenia er det hundrevis av trapper
- frå øverste plan inne i fjellhola ser ein ut over dalen, 
gjennom ein stor opning i fjellet
- uten mat og drikke duger helten ikke...
- på ein liten restaurant langs landeveien,
fekk vi servert heilsteikt fisk - Postrv
 mykje bein, men veldig godt
- solskinsdagen er i ferd med å ta slutt,
skyer og skodd legg seg som eit teppe over landskapet.
Vi køyrer gjennom daler og over berg,
ein lang tur gjennom eit variert landskap,
- målet er fjellovergangen Vrsic
- Elva Soca renn som to elver gjennom Slovenia,
vi køyrer lenge langs ei av elvene, 
og gjer eit i stopp i Cezsoca der elva deler seg.
Lyset gjer at det er vanskeleg å få fram den fine grønfargen på elva,
- elva kjem frå fjellet, den veien vi skal køyra vidare
- eit nytt stopp ved elva, i Lepena
det er her elva starter/viser seg  i dagslys aller først.
- Soca, grøn og turkis - vakkert
- ein fredelig plass mellom trea, plassen ikkje er skilta, 
  mange køyrer nok rett forbi....
- vel, det går mot kveld,
og vi må haste vidare fpr å kome over fjellovergangen før mørkret sig på.
Veien opp på fjellet og ned på andre sida,
består av 50 krapper svinger,
i kvar sving finns eit skilt med nr på sving og antal høgdemeter.
- veien på toppen ligg på 1580 moh
- skyer og skodde kjem og går,
eit magisk øyeblikk, til tross for lavt skydekke
- det virker nesten som om fjella stengjer for skyene,
når vi forlater toppen og er på veg ned på andre sida,
ser vi siste rest av sola før ho går ned bak fjellet, lang der borte ein stad.
- flotte snødekte fjelltoppen i horisonten
- i fjellsida her, skal det vera eit jenteansikt,
ser du det? eg trur eg har fått auge på det...
- nok ein fin og opplevelsesrik dag er over....