mandag 30. juni 2014

Rusletur på stranda

Etter ein lang ufrivillig pause,
er det godt å kunne ta seg ein tur på stranda igjen....
Kjenna lukta av tare og tang,
høyra fuglane som syng
lytte til bølgjene som slår mot strand...
 - Hr. Canon er flittig i bruk
 - frå Nærland mot Refsnes strand
"blekksprut" på land...
 - spor i sand
 - "slange" av tang
 - saman
 -  godt grep
- ein fin og forfriskande rusletur på stranda er over,
veien går nå vidare langs bondens "dusjande" åkrer... 

tirsdag 24. juni 2014

St.Hans - Jønsok - Jonsok - Midtsommar

- kjært barn har mange navn....
Vi har ein tradisjon her på garden,
med båltenning, pinnebrød, og rømmegraut....
Det vart ein litt anna variant i år,
men tenning av bål, samling av slekt og venner er som før....
Etter fleire våte Jønsok kveldar,
gjorde værgudane ein god jobb denne kvelden....
 - litt vind, blå himmel og sol...
 - vi har bålet på "steinrøysa nedi bakken"
som ligg midt mellom grøne jorder
 - jorder som vert omkransa av steingardar
 - bålet varmer godt
 - når bålet er nesten nedbrendt 
kjem mørke skyer med eit rosa skjær,
sigande inn frå aust
 - når vi vender nasen mot vest,
ser vi husa på garden som bader i kveldsola
- ein fin jønsok kveld er over...

mandag 9. juni 2014

Volvoens mange ansikt.......

I det siste har volvoens front, 
for meg blitt eit ansikt.
Somme smiler meir enn andre,
nokre er litt morske eller litt triste, 
eg har til og med funne ein flørt...
Vel, her er ein del volvofronter,
kva ser du?

søndag 8. juni 2014

Volvotreff Røldal 2014

Dette er eit lengre innlegg om volvoar på volvotreff.
Mange av bilete er tekne i fart, 
gjennom bilruta, eller med strak arm ut gjennom sidevinduet.
.
7 volvoar i rekke og rad
 - på veg til Røldal og det 10. Røldalstreff
 - dei køyrer langs berg og fjell
- bakkar opp og bakkar ned
- ein campinplass er treffets samlingspunkt
- volvoar 7 vert etterkvart til mange
- snart står det volvoar parkert ved kvar ei hytte
- volvofolket studerer bilar og motor
-her er volvoar mange, både nye og gamle
- lørdag morgon
- sola er på veg opp og tunet er enno stille
- snart vert aktiviteten stor 
- volvoane samlast på parkeringsplassen
- før dei skal på tur
- ein etter ein dei ruller avgårde
- alle får med skjema med spørsmål og rom for aktivitetar
- som perler på ei snor, både liten og stor
- gjennom gamal bru
- langs vatn og snøkledde fjell
- rekka bak heng også med
- rekka stopper opp
- volvoane tek ein pause
- ved Flesefossen i Bratlandsdalen
- neste stopp ved Kilen og Hydro Energi, Røldal - Suldal kraft, Nesflaten
- Kontrollromet "Ufoen" er nylig prisbelønnet, 
og arkitekturen har fått ny oppmerksomhet
- ei praktisk oppgåve før vi køyrer tilbake
- nasen på bilen skal stoppast over sentrums sirkelen på teppet
- på smale veier 
 - gjennom vide dalar 
snart vi er tilbake og bilane får ein pause
- søndag morgon
- vert volvoane pakka fulle
- 7 volvoar reiser frå Røldal
- mot Rogaland og sine heimar på sørsida av fjorden
Heng du fortsatt med?
- då har du kanskje ein volvo sjølv, 
og har fått lyst å bli med til neste år....
du får meir informasjon på denne sida:
Kanskje vi sjåast til neste år!