torsdag 25. september 2014

Grått er ikkje bare grått....

Sola stod opp i eit fargerikt skue,
før den grå fargen farga heile himmelen
 - ein rusletur på stranda
 - skyer og gråfarger fanger mitt blikk
 - skyer og gråfarger endrer seg heile tida
 - stein, hav, himmel og skyer, alt i gråtoner
grått i grått, men likevel flott!

mandag 15. september 2014

Ein solskinsdag på Jæren

Dis og fine solfarger viser seg i aust
denne morgonen
Kalenderen viser midten av september,
medan sol og varme minner meir om ein sommarsdag.
Det er litt dis i lufta, vindstille, sol og 23 grader.
 Eg bestemmer for å besøkje ei av dei mange strendene i Rogaland,
som eg ikkje har vore på tidlegare
 Vigdel i Sola Kommeune
 - mange andre hadde tenkt same tanken,
så strendene vi køyrde forbi (etter kvart på Vigdel og)
var fulle av av mennesker og dyr som ville nyta den flotte septemberdagen.
Bading, soling og nistepakke i korga,
akkurat som om det var ein dag i juli
 - eg haldt med ytterst på svaberga,
 - vart fasinert av steinar og berg med mange farger og fasonger
 - her var mange spanande motiv for eit fotograf sitt auge
 - litt vanskeleg å svinge kameraet dit ein vil,
når det er folk og fe i kvar ei krå
 - eg vil ta turen hit ein annan dag,
for å utforske denne stranda endå meir
 - kvelden vart like fargerik som morgonen.
Her har sola "lagt seg" på eit av høghusa i bygda

mandag 8. september 2014

Volvotreff i Kolding, Danmark

8 volvoar frå Rogaland køyrer over fjell og fjord,
for å delta på årets volvotreff i Kolding
 - volvo og strikking - ein fin kombinasjon...
 - her er biler av både gammel og nyare dato
 - enkelte er ombygde
 - andre som vi hugser dei frå gamalt av
 - nyvaska og blankpussa
 - alle fronter har sitt uttrykk
 - "ungdommen" i lange rekker
 - amazonen var i fleirtall
 - denne er til salgs
 - andre har mange siteplasser
 - av det meir moderne/ombygde slaget
 - fronter med sjel
 - her trengs det litt lakk
 - ein liten flørt
 - svarte og alvorlige
 eit par opne sjeler
 godt polert - spegelblank
 - norsk P 1800 fekk 1.premie
flest stemmer, kåra av folket på treffet
- eg er vel ikkje den som mest bilinteresserte,
men har gjennom mine år saman med volvofolket,
oppdaga at bilar har sjel, ulike ansikt og former.