torsdag 30. oktober 2014

Ein dag med skyer

Morgon med rosa skjær i vest
 - nokon ser på meg...
to lysande auger i dei mørke skyene
 - det lysner og ein hare "hopper forbi"
 - nede ved sjøen
 - store skyer i stadig endring
 - skyer, sol, regn, vind - og eit måker som fyk omkring
 - det går mot kveld
- skyer er fasinerande....

torsdag 9. oktober 2014

Frå rosa til grått

Eit vakkert skue viser seg på himmelen,
i det sola står opp.
 - etter nokre minutt er det gråfarger og sterk vind som preger dagen.
 "Han såg ut på det bårute havet,
der var ruskut å leggja utpå..." 
(Ivar Åsen)
 - ei og anna bølgje er større enn dei andre
og slår hardt inn mot moloen
 Ei frisk og vindfull stund i Madland havn.

onsdag 8. oktober 2014

Obrestad havn - Obrestad fyr

Båtane ligg ved kai.
det er søndagsstille i havna,
når vi rusler forbi.
- sjølv om det var mykje vind og vær heile natta før,
er sjøen etter forholda rolig
 - vi kikker opp på gardsbruka som ligg heilt ytterst på kanten  
 - buskapen på Obrestad er vandt til folk,
og ser rolig på at vi går forbi
 - vi går langs sjøen 
 - fleire bønder eig jorda her,
oppdelt av fleire gjerder, 
som går både oppover og bortover
 - ein kan gå vidare på stien nede ved sjøen,
men vi svinger oppover mot fyret
 - her opp kan ein sjå langt, nordover på flate Jæren
 - Håtangjen/Voien 
 - dei gamle nausta i Selvågen
 - Hå Gamle Prestegard 
- gardsbruka på Hå
 - innover i landet ser ein bl.a. høghuset på Bryne
 - vi rusler vidare,
oppe på bakkekanten
 - på høgaste toppen finn vi rester av ei kanonstilling frå krigens dager
 - hit men ikkje lenger..
gjerdet stopper vår vandring oppe på bakkekanten,
vi går ned langs gjerdet,
 og tilbake langs sjøen
- eit område som er mykje brukt av både store og små..

fredag 3. oktober 2014

Langs Kongeveien, Grødaland-Obrestad havn

I dag går turen langs havet, 
på Kongenveien, i Hå Kommune på Jæren.
Det er tidleg på dag,
morgonsola har kom opp over åskammen, 
doggen ligg fortsatt i graset
og det er omtrent vindstille.
Eg starter ved Grødaland Museum
 - eg går langs bonden sin blomkålåker
 - ut mot havet..
 - dyra på Grødaland kjem springande mot meg, 
dei blir ganske nærgåande...
 - sjøen er rolig og bølgjene kjem stille inn mot land
 - heile turen går på bondens mark og eng,
Sør Reime
 - sjølv om bølgjene er små og stille,
kjem ei og anna større og slår inn mot steinane
 - på Reime er bonden i gang med hausting av potet eller gulerot 
 - eg passerer dei gamle nausta på Reime
 - steinrike Jæren
- mang ein arbeidstime ligg bak desse lange og mange steingardane
 - sauene ser rolig på at eg går forbi
 - ein må over mange gjerdeklyvarar på denne turen,
 det er 12 i alt
 - det flate landskapet ved sjøen, endrar seg
- eg går går vidare langs kanten av bakken
 - ein liten fugl sette seg ned tett ved stien
 - eg nærmar meg målet,
Obestad havn ligg der framme
 - eg går ikkje ned til havna
 - men opp på Tusenårsplassen
 - her har eg god oversikt over havna
- det ein lett og fin tur å gå,
innimellom er det ganske vått og gjørmete,
så ein bør ha på sko som tåler litt vatn.