lørdag 11. april 2015

Ved Fossmark, Forsand Kommune

I dag stopper vi bilen på Skrøyla,
ein perkeringsplass oppe mellom fjelltoppane,
ovanfor Fossmark.
Her har vi rast med god utsikt
- rett over fjorden nesten på toppen av fjellet, kan vi sjå Preikestolen
 - vi vandrer innover heia
 - nedpå flaten (og litt opp over lia som er skjult)
 ligg gardsbruka på Fossmark
 - etter ei tid kjem vi inn i ein vakker dal
 - litt sol, litt skodde, vindstille og speilblanke vatn
 - når vi ser tilbake, ser vi Preikestolen,
 langt der borte på andre sida av fjorden
 - vi vandrer over ei smal bru
- oppover lia
 - her set vi ein stein og nyter utsikten nedover i dalen
- skodde/dis kjem og går
- her er det stillhet og ro som rår
 - ei einsam furu oppe i lia
 - sola varmer godt til tross for disen som kjem og går
 - det er på tide å ta fatt på tilbaketuren,
 - vi ser på Lysefjorden langt der nede
 og snøkledde fjelltopper...
- ein herlig tur ein vakker vårdag i april
Dersom du lurer og ikkje klarer å finna fjellplatået:
Preikestolen er vanskeleg å få auga frå denne sida av fjorden,
du finn han under pila..
GOD HELG!

1 kommentar: