mandag 27. juli 2015

Ein stille solrik morgon

Mellom fjell og berg
nord i Hordaland fylke
ligg dei to gradsbruka på Eikemo.
Min tur i morgonsola og doggvått gras,
går over bondens eng og mark, 
og langs elva som renn gjennom dalen
 - blomar og strå er våte og har doggdråper på
 - revebjellene viser godt igjen med sin friske begunderrøde farge
 - hesja står der og venter at sola skal varme og tørke gras og strå
 - det er fint å rusle i doggvått gras 
slik ein stille og solvarm morgon
 - skog, berg og fjell speglar seg i ei stille elv
 - av og til må eg berre stoppe opp,
lytte til stillhet og ro
og sjå på det vakre naturen byr på
 - det gamle markaleet (grinda) er ikkje lenger i bruk
 - ormagraset (bregnene) strekkjer seg mot sol som varmer
 - min vesle tur i morgonsola er snart over
 - eg passerer den gamle låven,
og er tilbake i tunet,
der den gamle potetkjellaren minner om farne tider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar