fredag 22. januar 2016

Rusletur på eigne tufter

Enno har Jæren vinterkåpa på,
det har vore mange fine dager 
med frost, sol og utan vind.
Rusleturen i dag går over eigne tufter
 - steingarden som i seg sjølv er fin å sjå på,
får eit anna uttrykk med vinterkleda på
 - eg oppdaga eit skispor nede på marka,
Det er nok heller sjeldent, 
at vaksne tek skia fatt på Jæren.
Som oftast kjem snøen i lag med vind,
 då legg snøen seg i snøfenner rundt steingardar og småhauger, 
og store deler av landskapet er heilt utan snø
 - barfrost og rim på busker og strå
 - mark og eng er skjult av snø så kvit og fin
-  rimfrostens skjegg 
 - det er fredelig å rusle slik langs åker og eng
 -skispora finn eg att på andre sida av jordet
 - eg rusler videre på traktorvegen
 - hesten i treet ser meg vel avgårde
 - ein stubbe, litt småkvister med snø
fantasien gjev meg mang ein kreativ ide
 - traktorvegen går til jordet på toppen av bakken
 - her ser ein ut over eigne tufter og deler av bygda
 - Nærbø sett frå Bø
 - steingard på steingard
 nakent tre, ope landskap og steingard
- ein treng ikkje fara langt avgårde, 
for å finna fine plasser, fred og ro
- om ein berre tek seg tid til å sjå etter,
er det det mangt å oppleve rett utanfor eiga dør

torsdag 21. januar 2016

Refnes strand i vinterdrakt

Turen går i dag på Refsnes strand, 
som har vinterkåpa på
 - det stille,
ein høyrer berre lyden av snøen som knirker
 for kvart steg ein tek
 - snøen har lagt seg på gras og strå,
noko som er uvanleg her på Jæren,
fordi vi har vanlegvis "alltid" meir eller mindre vind her
 - oppe frå sanddynene er det god utsikt ut over eit blått og stille hav
 - ein liten fugl tok seg ein pause tett ved gras og strå
å skue ut over havet, 
sjå på bølgjene som ruller stille mot land
lytte til roen,
kjenne sola som varmer
 gjev fred og ro i sinn og sjel
 - mange bølgjer på bryt på same tid
 - spor i snø og sand
 - kan nesten ikkje sjå meg mett på alt det fine eg har rundt meg
Ein av dei sjeldne vinterdagane på Jæren,
sol frå blå himmel, snø, 3-4 minugrader,
og ingen antydning til vind...
Føltes nesten litt som eit vårleg drag i lufta....

onsdag 20. januar 2016

Is og snø på Hå

Hovudhuset på Hå Gamle Prestegard
 - isen har lagt seg rundt steinar og tuer,
som små kunstverk i Håelva 
 - ein fugleflokk tok vengene fatt då eg nærma meg
 - dei gamle nausta i Selvåg
 - i Voien, bukta ved Håtangen,
låg is og snø heilt nede i sjøkanten
 - den vesle stranda ved Håelvas utløp
 - Håtangen
Nokre minusgrader. kald vind og sol frå blå himmel,
ein frisk rusletur på Hå.