fredag 22. januar 2016

Rusletur på eigne tufter

Enno har Jæren vinterkåpa på,
det har vore mange fine dager 
med frost, sol og utan vind.
Rusleturen i dag går over eigne tufter
 - steingarden som i seg sjølv er fin å sjå på,
får eit anna uttrykk med vinterkleda på
 - eg oppdaga eit skispor nede på marka,
Det er nok heller sjeldent, 
at vaksne tek skia fatt på Jæren.
Som oftast kjem snøen i lag med vind,
 då legg snøen seg i snøfenner rundt steingardar og småhauger, 
og store deler av landskapet er heilt utan snø
 - barfrost og rim på busker og strå
 - mark og eng er skjult av snø så kvit og fin
-  rimfrostens skjegg 
 - det er fredelig å rusle slik langs åker og eng
 -skispora finn eg att på andre sida av jordet
 - eg rusler videre på traktorvegen
 - hesten i treet ser meg vel avgårde
 - ein stubbe, litt småkvister med snø
fantasien gjev meg mang ein kreativ ide
 - traktorvegen går til jordet på toppen av bakken
 - her ser ein ut over eigne tufter og deler av bygda
 - Nærbø sett frå Bø
 - steingard på steingard
 nakent tre, ope landskap og steingard
- ein treng ikkje fara langt avgårde, 
for å finna fine plasser, fred og ro
- om ein berre tek seg tid til å sjå etter,
er det det mangt å oppleve rett utanfor eiga dør

2 kommentarer: