søndag 26. februar 2017

Fototur på Kjervall

Når vi kjem fram til Kjervall,
skin sola frå klar blå himmel.
det er nesten vindstille
fuglane kvitrer
bekken sildrer
her er islagde vatn
 denne gongen har eg med ei fotovennine
 det er ei gleda å kunna vise fram denne fine plassen
 sjølv om vi ikkje er eigarar av plassen
føler eg meg heime her 
og får lov å bruke plassen som eg vil
 det er ikkje langt frå Egersund 
men her er stille
det ikkje så mange som finn veien hit
 ein kan gå langt i fleire retningar,
men vi fotografane treng ikkje alltid så store område
 her er mange motiv,
sjølv for meg som har vore her utallige gonger
 vi vandrer rundt
 kamera klikker i eitt
 kaffipause på tunet
 før vi vandrer vidare
 ved vatn
 i skogen
 naturens eigen kunst
 tilbake til tunet mellom fjellknauser og vatn
vi valgte absolutt den beste dagen
for ein tur til Kjervall,
det regna dagen før og dagen etter....

1 kommentar: