onsdag 29. mars 2017

Onsdagstur nr 5 2017

Dagen i dag,
var den dagen då andre ting måtte prioriterast før tur.
Når ein skal ha avtale med helsenorge,
og ikkje vil venta vinter og vår,
ja, då må ein ta dei timane ein får...
 det vart ein liten tur likevel
 tankane kverna i hovudet,
og tok mesteparten av min oppmerksomhet
 naturen rundt meg,
og fotografering vart nesten gløymt....
 eg var mest oppteken av å koma meg rundt 
den ruta eg hadde valgt meg...
eg klarte iallefall å få til ein tur
denne onsdagen og,
eg kan med godsamvittighet slappe av i godstolen,
og lade opp til nye utflukter..

tirsdag 28. mars 2017

Vårdag - heima på Bø

I dag går turen langs åker og eng,
heima på eigne tufter
 det er vår i lufta
og sol frå blå himmel

 gåsunger 
 det spirer og gror
 eg lytter til vipeskrik og fuglekvitter
 det er nok ikkje lenge før bonden starter med våronna
ein treng ikkje alltid fare langt avgårde,
for å finne turvei og mange motiv

søndag 26. mars 2017

Hå gamle Prestegard - Refsnes strand

Skodda haldt på lette då eg starta turen
frå Hå gamle Prestegard
 eg vandrer langs kulturbeite
 på hengebrua over Håelva
 vandrer langs elva,
lytter til fuglekvitter og elvebrus
 det er vår i lufta
Håtangen
 skodda ligg på lur ute i havet
 eg svinger ned mot Selvåg strand
 skyer seiler forbi
 måker på stein
 eg trudde lenge at den eine tjelden hadde bare ein fot
der han hinka avgårde
 litt etter trippar tjelden på to, i bølgekanten
 vandrer vidare langs åker og eng på Nærland
 på denne jordlappen var vipene mange
dei flaksa og fauk og var vanskelige og fange (med kameraet)
 Nærland strand - her er fuglelivet rikt
 ender og svaner, måker, tjeld og andre småfugler
 eit øyeblikk kjem skodda innover
 like etter skein sola att
 Refsnes strand i sol
 snart er skodda tilbake
 og det var liten sikt
frisk tur og ein fin vårdag...

torsdag 23. mars 2017

Orre strand

Ein fin solskinnsdag på Jæren,
og eg tok turen 
til Norges lengste sandstrand, Orre strand.
 spor i sand
 spor blir viska ut
 her er fint å vandre
lytte til måkeskrik og bølgebrus
 naturens eige "smykke"
 hytta til høgre måtte gje tapt for vinterens stormer
sanddyna vart vaska ut i havet
og hytta datt ned på stranda
 på tilbake veien går eg oppe på sanddynene
 nokre små gule hestehover
lyser opp blant visna gras og strå
 å sitje ned på høgaste topp
skue ut over strand og sjø
lytte til naturens musikk
kjenne sol som varmer
det er ei lisa for kropp og sjel
 lange tynne skyer strekkjer seg over landskapet
ei fin tid vi går i møte
nytt liv og farger vil snart dukke opp over alt...