onsdag 22. mars 2017

onsdagstur nr 4 2017

 Denne gongen tok eg turen til Aurenes i Time Kommune
og parkerte ved Tjålandsvatnet.
 eg gjekk oppover traktorvegen
 langs kulturbeite
 oppover og oppover
 sola kom og gjekk
 skyer i mange former og farger 
hang tunge over landskapet
 på dei høgaste toppane låg eit tynnt lag med snø
 ein kjem fort opp i høyden 
og får god utsikt frå hav til hei
 på toppen
 eg pleier å ha ein rast på denne toppen,
nyte roen og utsikten,
i dag vart nordavinden for frisk og kald
 det skifter fort frå himmel til mørke svarte skyer
 skyene kom med snø og hagl
Etter kun "bortoverturer" i lange tider,
var eg litt spent på om dette ville bli i tyngste laget,
men det gjekk over all forventning.
- ein fin og frisk tur
- må nok tilbake ein gong, når det vårast i bakkane

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar