torsdag 20. april 2017

Onsdagstur nr 8 - på ein torsdag nok ein gong

Nok ei gong vart onsdagen brukt til andre ting
 enn det eg eigentleg hadde sett for meg.
Eg er denne veka på vent,
her i Bergen kommune
og må innrette meg etter det andre bestemmer,
over den som eg skal vera sjåfør for...
Dermed blir det dagane litt annerledes enn planlagt...
 turen gjekk til arboretet på Store Milde
 med rhododendronplassen som mål..
 det regna og regna
men var vindtille og godt
 fuglane kvitra og sang
 fotografering med lett blanda resultat,
måtte etter kvart pakke inn kameraet - det vart for vått
 regn og dis dekker landskapet
ein del av rhododendronane blomstrer
 det vil nok bli eit fargerikt og fint syn
når resten av buskane og kjem i blomst
det vart ein god runde,
og no er eg klar for dagens andre oppgaver
Ha ein fin dag der du er....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar