onsdag 24. mai 2017

Onsdagstur nr 10 2017

Det er onsdag og turdag...
Motivasjonen var heller dårleg,
men fordi eg har sett meg eit mål,
og skreve det ned her,
så kom eg meg ut
 kroppen klaga for kvart steg
 det gjekk tregt
 men det vart ein fin runde tilslutt...
 Det vart lite fotografering, 
eg gjekk mest å funderte over sakenes tilstand..
 kor eg er i dag - mot kva eg kunne før
 - eg tenkte dei som trur at rett mat og trening fikser alt....
på dei som innbiller seg dei veit alt...
 det er ikkje alltid så enkelt..
 - eg tenkte på dei som er negative,
 i staden for å vera glad på våre vegne, 
når vi mestrer noko,
- på dei som meiner at klarer ein det og det, 
kan ein og gå på arbeid....
- skal den som har sitt å strid med,
 ikkje kunne gjera det ein liker,
utan sære kommentarer frå den som trur ein veit alt...
- eg er glad for at det ikkje er slik for meg,
eg får mange positive tilbakemeldinger
frå mange hold.
- men eg føler med andre,
 som ikkje er like heldige som meg på det området...
- eg koser meg på mine turer i nærområda,
eg er i nuet og tek til meg av det som naturen byr på.
Eg har ikkje lenger nokon plan eller håp,
 om nå dei høgaste toppane,
på kortast mulig tid
(f.eks. Preikestolen som på bildet)
- det å halda kroppen i gang,
med trening i basseng,
gå korte eller lengre turar,
gjer det er liker og har lyst til,
ja, det er min kvardag og mitt arbeid nå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar