torsdag 13. juli 2017

Frå Sele havn - retning Hellestø strand

Eg har vore mange gonger i Sele havn,
og på Hellestø strand,
men har ikkje gått turen langs sjøen,
mellom desse plassane.
Eg strarta i Sele havn
 eg går i nordleg retning
 ein fin og solrik dag på Jæren
 med innslag av skyer i fine og varierande fasonger
 må vel kunna kallast for skarven sin skitestein
mange insekt og sommarfugler fauk frå blomst til blomst
 eg valgte å gå på toppane av sanddynene
- det går sakte men sikkert framover,
 Etter kvart som eg går,
 kjenner eg meir og meir 
at turar og mål eg hadde før somaren,
nok må leggjast på vent inntil vidare....
 eg bør nok lytta litt meir til kroppen 
(og fysioterapauten)
bruke turskorne mindre,
og sykkelen meir,
- ute eller inne....
 det er ikkje med lett hjerta,
men eg må nok innsjå
at madammen er "ute med skade" 
inntil vidare
- eller kun gå små korte turar på flatmark...
 Feistein fyr
eg stoppa halvvegs,
hadde ein god rast 
medan eg lytta naturens symfoni frå hav og land,
og drøymde meg vekk i bølgeskvulp og skyer
- vel, snart er nok madammen og den rosa ryggsekken,
ute og farter på to hjul...
med små stopp langs veien,
for å fotografere noko av det eg ser på min vei
Ha ein fin dag så lenge...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar