torsdag 21. september 2017

Sirbma - Alta og ein svipptur innom Kautokeino

Den dagen vi drog frå Sirbma, 
hang skodda lavt over landskapet.
Gradestokken viste eit par minusgrader,
ein frisk morgon.
 skodda letta ganske snart,
men eit skylag hang over oss det meste av dagen.
- eit supert "kjørevær"
 Samelandsbrua.
vi valgte og denne gongen,
 å køyre mesteparten av turen mot Karasjok,
på finsk side
 eit par solgløtt på veien,
elles er det kratt, tre, skyer, vatn, elv og vei
- få variasjoner...
 - etter eit kort stopp i Karasjok,
går veien vidare,
og vi bestemmer oss for å ta ein svipptur 
nedom Kautokeino,
for å besøke Juhls sølvsmie og galleri.
*
"Her vil du kunne se et utvalg av smykkene
vi lager på vårt verksted i Kautokeino.
Flere smykker og hele kolleksjoner vil bli lagt til.
Smykkene designet av Sunniva Juhls,
smykkene fra Helleristningsfeltet i Alta,
samt smykkene til de 6 bunader vi også lager sølvet til,
vil bli lagt til etterhvert.
Nye og gamle historier vil bli fortalt.
Litt etter litt vil nye dører åpne seg,
og man vil få et innblikk i hva som finnes innefor 
Frank og Regine Juhls' unike livsverk"
*
(frå nettsida)

 til og med bygningane er kunstneriske
 gullegget er visst viden kjent
 - utanfor får ein historien om plassen,
gjenneom bilete og tekst,
- inne er det mulig å få informasjon,
og omvisning av personalet
 det heile begynte med ei lita smie på 60 talet
 på 70, 80 og 90 talet - eit nytt tilbygg kvart 10 år
 rett innanfor inngangsdøra,
ser ein ein høg vegg med eit uferdig kunstverk.
Dette er Regine sitt verk,
som ho held på med, litt kvar dag.
Dama er over 70,
ho har gitt ansvaret for bedriften
over til neste generasjon,
men dette vil ho fortsetja med.
 ein flott og detaljrik vegg
 ein annan ting som viser godt igjen
fingeravtrykket til Frank sin tommel
 her finns ei avdeling med samisk historie
 komsa 
 bunad/koftesølv
 her litt for ein kvar smak
 utanfor Kautokeino i vakre haustfargar
 her finns utstillingar frå andre kulturer
orientalsk i kjellare for øyeblikket
 dei eldste hyttene på tunet er frå 60 talet
 også her har dei lagt ned mykje arbeid i detaljer
 til og med veslegutt syns at dørene var fine...
(når bestemor først hadde gjort han oppmerksom på det)
her oppe i lia,
ser ein ut over Kautokeino
 eit lite bed med valmuer
fine haustfargar danner ei fin ramme om området
 det er på tide å ta fatt på siste stykke mot Alta
 skyene løyser seg opp,
og sola følger oss dei siste mila mot dagens mål
ein lang reisedag er snart over...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar