fredag 12. januar 2018

På vandring langs sjøen -Varhaug gml kyrkjegard- Grødaland (Nærbø)

Mi vandring i dag,
starta ved det vesle kapellet ved havet,
(i Varhaugsbygda)
- her er plass til 14 personer,
kapellet vert i dag mest brukt til vielser,
og diverse arrangement.
Bøndene i området er dei som bruker kapellet mest.
 eg vandrer nordover på "Kongeveien"
 stien går blant stein og grass på bondens mark
 forbi dei gamle nausta
 Varhaugslosen har rodd ut her i frå Varhaugstøene
den siste losen gjekk bort i 1913
 steinrike Jæren..
- stein vart brukt til så mangt,
her var/er nok å ta av
og vart eit rimeligt byggemateriale
 eg vandrer forbi Bodle
 over bekken
 forbi den vesle mølla
(lengst bak i biletet, kan ein skimte Obrestad fyr)
 om trerota kunne fortelja....
 eit skylag ligg delvis over Jæren,
form og farge endrer seg stadig
 det er like før eg passerer grensa 
mellom Varhaug og Nærbø
 Grødaland industriområde
sola kikka fram
fargane vert sterkare og kontrastane bedre
 lange fine skyer og delvis blå himmel
- grensa mellom bygdene
  ein gammal steingard laga på gamalt vis
eg vandrer på sti og vei
 veiskille ved Grødaland..
 min tur er snart over,
eg svinger opp frå havet 
mot Grødaland Museum
eit av gardsbruka på Grødaland
friskt og fint ved havet i dag...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar