onsdag 11. april 2018

3 stopp i Sola Kommune

Den første vårdagen på Jæren
det var liv og aktivitet over alt.
- bøndene var i gang på mark og eng,
- fuglane kvitra og sang
- mange, hadde som meg, 
funne veien til sjø og strand
Mitt første stopp:
Ølberg havn
 det var stille i havna
(folk kom til litt etter litt)
 båtane spegla seg så fint i vatnet
 Stopp 2:
Kolnes
eg fekk lov av folket på garden,
til å sjå meg rundt og vandre langs sjøen her.
- ein ny og ukjendt plass for meg
 hestane gjekk heilt nede i sjøkanten
 her er kai, småbåter og naust
 etter mine berekningar,
er det Flatholmen som ligg der ute,
og lengst bak til høgre trur eg må vera Bokn
 stein og berg er her mykje av
den høge steien - eit minnesmerke
ikkje så lett å sjå:
Feistein som ein liten prikk langt der ute
 stopp 3:
Sola og Ræge strand
 kunst på bunkeren
 rester frå krigens dager
 mang ein fugl trippa så lett i vannkanten
 Sola strand
 Ræge strand
det var fint å sitja ned,
kjenne sola varme,
nyte livet rundt seg.
 Eg hadde ikkje lyst å sleppe taket i stillhet og ro,
men måtte tilslutt vende nasen heimover..
- måtte det bli mange slike dagar framover

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar