torsdag 19. april 2018

Aurenes og Tjålandsvatnet, Time Kommune

Morgendisen slapp taket
og sola fekk sleppe til..
turen gjekk til Aurenes i Time.
Tjålandsvatnet
 innerst mot Aurenes er det vindstille
 eg skal op på toppane bak Aurenes 
 fram og tilbake, og fram og tilbake
bilen er med i eit filmopptak, til ein musikkvideo
 I fjor på desse tider gjekk eg same turen,
den gongen kjørte bonden ut lorten der eg gjekk,
i år er denne biten ferdig spreia.
 snøen har nettop smelta i nordlege skråninger,
trea står naken og strekkjer seg mot sola
 utsikten vert bedre og bedre til høgare eg kjem
 her oppe er det fleire småtopper,
eg må liksom opp på alle,
får å nyta den utsikten som er
 ut mot havet ligg disen fortsatt
 fortsatt er det fram og tilbake for denne gamle bilen
- med kamera på stang, kameramann i bilen, 
eller som her i bilen framfor..
 det bles godt på toppane,
så det vart ikkje lange "nyteutsiktpausen" oppå der
 her og der lyser det gult mellom stein ogstrå
Det godt å kjenna at eg i år, 
er sterkare på mange måter,
enn når eg gjekk same turen i fjor.
- tydeligvis var det rett avgjersle,
når legen valgte å ikkje bytte ut ledd,
men gi meg ei anna behandling i staden.
- det og mange treningstimar med fysioterapaut har gjort susen..
måtte det bare forsette slik
- kanskje eg snart kan prøve meg på ein litt høgare topp..
Ha ein fin dag, alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar