onsdag 4. april 2018

I Garborg sitt rike

Diktaren Arne Garborg si skrivastova/sommarstove
ligg på Knudaheiå ved Undheim i Time Kommune,
nokre kilometer frå heimplassen hans.
I frå Knudaheiå såg Garborg ut over Jæren,
 og ein kan forestilla seg alle dei fine solnedgangane 
han må ha opplevd herifrå.
han har nok fått inspirasjon til mang eit dikt 
i slike fine kveldstunder.
 litt ovanfor hytta,
er det sett opp ein steinansikt av han Arne.
han skuer ned på hytta og ut over Jæren
 her er litt vinter fortsatt,
vinden er frisk og kald
 sola varmer så lenge ho er framme
 i dette området kan ein gå seg ein tur mellom bakker og berg
På ein slik fin og klar dag,
ser ein store deler av Jæren,
og heilt ut til havet
 litt innanfor hytta,
ligg Bakkatjørn
 mesteparten av vatnet er forsatt islagt
det vil nok ta ei tid før snø og is er heilt borte,
her er forsatt ned mot null grader.
.
Eg måtte bare oppom å sjekka denne plassen, 
- ennå litt mykje snø,
der eg har lyst å gå...
ein plass eg likar godt,
der eg kan sitje på ein topp,
nyte utsikten og kjenne på roen..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar