søndag 13. desember 2009

Katt på fuglejakt...

Det var ein gong ein katt
som var ute på fuglejakt
Han sprang etter alle fugler små
som på bakken ville gå


Fuglane flaug høgt opp
i treets høgaste topp
katten såg og tenkte
eg får jammen følge etter.

Vel oppe på greina
var han ennå heilt åleina

her er ingen fuglar å sjå

dei fyk no høgt oppe i det blå.


Fuglane fyk forbi

som om dei ville sei


så dum er ikkje eg

eg lander ikkje ved sida av deg.



Nei, dette var ingen god ide
eg får bare koma meg ned


kan like godt fortsetja jakten
i full fart nedpå bakken.

Tok turen inn til matmor
og fekk seg litt anna fòr,
klaga litt til far
når han endeleg i fanget var.

onsdag 9. desember 2009

Adventstid

Det er tidleg morgon,
ute er det ennå mørkt
vinden susar og det regnar på tvers


her inne har eg fyrt godt i ovnen
har ein god kopp te
og sit her og lyttar til vind og ver som herjar ute.
mang ein fin blome
har funne vegen til mitt hus
dei siste dagane....
eg har tent på alle lys
og har gitt meg sjølv ei fredens stund
etter mange travle dagar
...
Småkaker og julevask
må nok bare venta
til denne jenta
har drukke sin te og funne sin ro
det trengs etter dagar lange
og oppgaver mange.
skrevne er julebrev og kort
det må ein nå få gjort,
når ein skal skriva heile 85
og alle til jula skal nå frem.
Nei, ein kan ikkje sitja her å drøyma
og la oppskrifter seg i skapet gøyma,
nå er det på tide å få dei fram
slik at det vert kaker i bokser og spann.

litt julevask skal det nok og bli
når eg bare finn nok tid
eg kan jo finne litt grønnsåpe
og la ovnen varme eit par dråper


då vil heile huset dufta
som nyvaska og nylufta,
det blir nok jul i huset likevel
og kven ser etter slikt ein julekveld.
....
Ha ei fin adventstid!

søndag 6. desember 2009

Barfrost

Her har ikkje vore så mange frostnettene ennå
men ein morgon denne veka
hadde barfrosten lagt seg på blomar og tre
- naturens eigne vakre kunstverk.



Den store feiringa er vel i havn
det vart ein kjekk kveld
med god stemning
god dansemusikk
og mange glade gjester.
Då er vi fornøgde med vårt arbeid
og har oppnådd det vil ynskja oss mest....
ein kjekk kveld ilag slekt, venner og naboar
med tid til prat og dans.
......
Ha ein fin 2. søndag i advent!

torsdag 3. desember 2009

Det er min dag i dag.....

Mandag hadde eg besøk av ein journalist frå lokalavisa, Jærbladet.
Der skriv dei om jubilantar som rundar heile tal.
Denne gongen hadde ho plukka ut meg,
eg vann det store lotteriet, eg som aldri har vinnarlykke.......
Eg let orda til journalisten vera dagen innlegg:
.........
50 år og på veg opp


DANSEFEST:
Ruth Bernssen Bø har leigd sitt eige danseband når ho laurdag feirer fødselsdagen sin på Røde Kors-huset på Nærbø

Ruth Bernssen Bø er komen til eit punkt i livet der ho bruker meir tid på seg sjølv.

BRIT ROMSBOTN
tekst og foto
br@jbl.no

– Eg er nok prega av «tidens tann» og eg har fått eindel smårusk her og der. Men no går det framover. Eg har nett vore på rehabilitering i Fjaler i Sogn og Fjordane, og tre dagar i veka er eg med i ei gruppe som trener med fysioterapeut i varmtvassbassenget på Nærbø. Eg stortrivest i bassenget, seier Ruth Bernssen Bø.

Tur og foto
Sola skin en siste måndagen i november. Frå bustaden i Vålansvegen på Nærbø kan ho sjå heilt til sjøen.
Ruth Bernssen Bø har alltid sett pris på natur og uteliv. Dagane startar ho ofte med ein tur. Og aller best likar jo seg ved havet.
– Eg liker å kjenna været og høyra på fuglane, og for meg er dette verdens beste treningsplass. Og så passar underlaget godt for meg, for eg skal ikkje gå på asfalt. Kor langt eg går, er avhengig av kva eg klarer. Turane kan vara frå eit kvarter til opp mot 45 minutt.
Ho har alltid med seg fotoapparatet, og ofte er fotograferinga ein stor motivasjon for å koma seg ut. Ruth Bernssen Bø tek ikkje berre bilde for seg sjølv, ho liker og å dela det ho opplever gjennom kameralinsa med andre.
– Før tok eg mykje bilde av ungane. Men når dei ikkje ville meir, måtte eg finna på noko anna. No går det mest i naturbilde. Og så er eg veldig glad i Svein Inge Årrestad sin song «Heim te Jæren». Eg opplever innhaldet i teksten når eg er ute og går, fortel jubilanten, som i samarbeid med forfattaren har laga sitt eige hefte med bilete til songteksten.
Planen var at det skulle vera julegåve til slekt og venner i fjor. – Men det spreidde seg til fleire, og eg har fått laga nærare 100 eksemplar av heftet. Eindel av dei har eg selt.

Fest med danseband
Ruth Bernssen Bø er fødd og oppvaksen på Nærbø. Ho ler når eg spør om korleis ho møtte ektemannen Ole.
– Det skjedde på ein busstur til Tyskland. Det var ein tur med venner og venners venner. Eg er ikkje heilt sikker på årstalet, men eg trur det kan ha vore i 1977-1978.
Dei tre barna, som er frå 21 til 27 år gamle, har flytta ut av heimen. Garden blir forpakta bort. No er det Ruth, ektemannen Ole og to kattar som rår grunnen.
Kattane er ikkje særleg glade for besøk, og gøymer seg når Jærbladet kjem. Men når ikkje framande er i stova, kryp dei helst oppå matmor.
Eigentleg er det to Oslo-kattar som har fått hus i Vålandsvegen.
– Dotter vår hadde dei då ho studerte i Oslo. Så det var var innekattar i hovudstaden er no blitt utekattar på Jæren. No er dotter vår i Tromsø, så kattane kunne vore nordlendingar no. Men dei har vore så lenge her hjå oss at eg trur me må kalla dei våre.
Ruth Bernssen Bø har i ei årrekke vore tilsett i Hå kommune. Ho har arbeidd i bustadar for psykisk utviklingshemma, i barnehage og innan eldreomsorgen.
Men for eit og eit halvt år sidan var det slutt som omsorgsarbeidar. No er det kjøring det handlar om.
– Eg fraktar både mat og folk. Og eg stortrivest! Eg kjører mat frå kjøkkenet ved Hå sjukeheim på Nærbø, og eg kjører eldre til dagsenter. Eg liker godt å koma meg rundt og følga med på det som skjer. For meg var det godt med ei endring.
Dagens skal feirast med fest på Røde Kors-huset. Ruth Bernssen Bø har leigd dansebandet «Terjes» til feiringa.– Kring 75 gjester er inviterte, og det kjem både naboar, venner og familie. Eg dansa mykje før, og eg ville ikkje ha ei stiv 50-års feiring, slår jubilanten fast.

tirsdag 1. desember 2009

Friske sjøluft

morgonsol, frost og ein liten vind,
slik var veret då eg gjekk tur på stranda i dag tidleg.

grasstrå og sjøen vart farga av sola
som var på veg opp over åsen
Det er ganske lenge sidan sist eg gjekk tur på stranda
og det var godt å vera tilbake i dette opne forblese landskapet

det var godt å kjenna sjølukta


og høyra på bølgjenes brus

i det dei braut så flott inn mot land.

sola var ennå låg
og skuggane vart lange


nokre fuglar sat på sin stein
og lot meg koma ganske så nær
før dei tok vengjene fatt
og flaug til ein litt tryggare stad
med raude friske kinn
litt kald om øyrene
set eg meg inn i bilen for å køyra heim
klar til å ta fatt på dagens oppgaver.
Kan ein få ein betre start på dagen? Eg bare spør?

fredag 27. november 2009

Dagane går......

Eg er komen vel heim frå Sogn,
og komen ut av "bobla" der ein bare tenkjer på seg sølv og eiga trening....


I og med eg har invitert gjester til overnatting og festligheter
har eg mange andre oppgåver å ta fatt på.
Dagane går fort mot neste helg
så eg må bare bretta opp armane og setja igang.
......
Sidan nokre av gjestene har spesielle diettar
må eg laga mykje av maten sjølv.
I dag er eg igang med kakebakst,
noko som i seg sjølv vert ei utfordring
då det ikkje kan innhalda
gluten, melk, egg, soya eller mais........
for eit par av gjestene.
....
Eg trur eg har knekt koden,
og har funne fram til eit par oppskrifter som eg kan bruka,
men tek gjerne imot tips
om nokon skulle sitja inne med to, tre oppskrifter av dette slaget...

Når det gjeld trening og tur
så vert det nok litt mindre av det slaget neste veke.
Har hatt ei økt i bassenget i dag
det var kjekt å koma tilbake til mine badevenner...

Tusen takk for alle kommentarar og tilbakemeldingar
medan eg var i Sogn.
Det vart lite besøk hos dykk i denne perioden
eg kjem sterkare tilbake over neste helg,
då kan eg lena meg tilbake i godstolen og bruka litt tid til blogging.
.....
GOD HELG!

torsdag 26. november 2009

Macro

Var ute ein dag og leika meg litt med macrolinsa
der nord hadde vi lite vind
(i motsetning til her heima)
og då er det kjekt å ta macobilete.
Kos dokke med dagens knippe bilete.



Ha ein fin dag!