lørdag 16. mars 2013

Været skiftar ofte på denne årstida....

I det siste har vi hatt fine dager: 
nokre med fargerik måne på vei ned
 - med flotte soloppganger
 - det har vore klare, vindstille og kalde dagar
- med islagde vatn
- det har vore kalde og vindfulle dagar
 - stille dagar med flotte skyer
 - enkelte dagar har kome med bud om vår
 - andre dagar har kome med vind, nedbør og plussgrader
 - nokre dagar har enda med flotte solnedgangar
 - på nokre klare dagar såg vi månen så stor
- det er slik det er i denne tida, før våren melder sin ankomst for fullt...

lørdag 2. mars 2013

Kvassheim fyr - Kvalbein strand - Holmestø

Eg har fleire gonger vore både på Kvassheim fyr og i Holmestø,
men har ikkje gått turen mellom desse plassene.
For ikkje så lenge sidan vart eg fortalt at det var ei flott sandstrand der,
noko som eg aldri hadde høyrt om tidlegare.
Vi valgte å gå turen ein søndag i februar,
været var sol frå blå himmel og ingen vind - nesten vårlig i lufta.
Mange andre hadde tenkt same tanken som oss og var ute for å nyte godværet.
Det var til tider folk over alt, store og små, med ryggsekk og nistepakke,
andre grilla pølser i sjøkanten.
Vi starta ved Kvassheim fyr,
- første delen av turen går vi i utkanten av bondens beite,
her er det stein på stein i sjøkanten.
- landskapet endrar seg og ei stor sandstrand dukkar opp bak ein sving
 - når vi går mot Hølmestø, er det litt vanskelig å få brukt kameraet der eg vil,
det er stadig folk rundt oss.
- stranda er på ein måte litt oppdelt, med steinpartier her og der
 - på andre sida av denne bukta er Hølmestø
- der set vi oss mellom steinane og har ein liten rast,
før vi snu og går tilbake
- i Holmstø finns det antydning til ei lita sandstrand
- denne bukta er delt i to med eit gjerde,
eg er litt usikker på om denne stranda vert rekna som ein del av Holmestø,
eller ein del av Kvalbein
 - vi er tilbake på Kvalbein strand
 - ei stor lang strand
- fotspora var mange
 - i nordre enden av strand, ser ein rett ut til Raunen,
den einaste øya/holmen som finns utafor Jæren før ein kjem til Feistein i Klepp
 - vi er snart tilbake på traktorvegen
 - som fører oss tilbake til fyret på Kvassheim.
- ein fin og opplevelsrik tur...
Litt merkelig å tenkja på at denne stranda har vi køyrt forbi i mange år, 
utan å vita at ho finns.
Det set tankane i sving, 
 eg lurer på kor mange andre "skjulte" naturperler vi har i nærmiljøet....

fredag 22. februar 2013

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Sola strand, i Sola Kommune.
Rett over vegen frå Sola flyplass ligg Sola strand, heilt opp til vegkanten.
Herifrå  kan ein gå i begge retningar,
og vi valgte denne gongen og gå på nord sida av bukta.
- oppe frå sanddynene ser ut over stranda
- strand så langt ein kan sjå...
- vi passerer Sola strand hotell, som ligg omtrent oppå sanddynene
- i enden av stranda ligg eit kapell
Strandleiren kapell "det lille kapellet ved havet" vart 
bygd i 1950 i tre, med sitteplass til 60 personer.
Kapellet ligg i tilknytning til det tidligere "Strandleiren Misjonssenter", 
som nå har skiftet navn til "Himmel og Hav" 
som drives og eies av Det Norske Misjonsselskap.
Kapellet, som ble bygget av misjonsprest Racin Kolnes, 
av materialer fra brakker som ble revet på Sola flyplass, 
gjorde også tjeneste som soknekirke inntil Sola kirke stod ferdig i 1955.
- ved enden stranda finnst det mykje spennande å sjå på...
 - og mange flotte foto motiv
 - blått i blått og litt stein - vakkert
 - mange fugler leita etter mat i mellom steinane
 - sol som varma frå skyfri himmel og ikkje eit vindpust,
det er mest som om ein ikkje har lyst å gå tilbake til bilen......
 - men snu må vi....
 - hytter er bygd omtrent nede på stranda..
 - nesten tilbake ved utgangspunktet går vi opp på sanddynene
- forbi strandhotellet
 - over ei av bruene som ein må over fleire stader på stranda,
om ein ikke har lange spretne bein og gjer eit galant hopp over bekkene...
- ein fin tur i "vårsola" ein dag i februar
- denne flotte solrike dagen hadde lokka fleire ut på tur,
til tider var det helst folksomt på stranda....

søndag 17. februar 2013

Sol går ned...

- dette innlegget startar der det forrige stoppa...
- eg går tilbake mot bilen,
samtidig med at sola er på vei ned i horisonten.
- eg tek til meg av fargar, stillhet og ro
dei siste minuttane før sola forsvinn bakom skyene.
 - fargane endrar seg heile tida
 - heile landskapet får eit gyllent skjær over seg
 - det er no like før himmelens fargar vert sterkare og sola svakare
 - det ikkje den mest fargerike solnedgangen denne dagen
 - men vakkert likevel
 - min tur er over, i det sola gøymer seg skyene
 - når eg parkerar heime der eg bur,
 - sender sola ei siste helsing denne kvelden,
nokre få solstråler skinner rett opp gjennom skyene....