torsdag 16. april 2020

Dagens rundtur i bygda

Dagens tur til sjøen
i sol og kuling frå nord
 Eg stoppa her og der,
der vinden ikkje tok for godt tak
 våronna er godt i gang på desse kanter
 store flotte skyer samla seg ute i havet
 ved Håelvas utløp
 fann eg ly for vinden
eg sat ser å lytta til fuglekvitter og vipeskrik
såg Tjelden som letta i flokk
to svaner poserte for fotografen, eller var det øvelse i synkronsymjing?
sjølv om det var fredelig og godt i solveggen,
må eg ta fatt på siste etappe
 ein ting er sikkert:
nordavinden kjem frå "alle" kanter 
 Ha ein fin dag

onsdag 15. april 2020

sykkelturer i bygda

Påskeveka kom med vær av alle slag.
Enkelte solskinnsdager, med sterk eller litt mindre vind
andre dager var grå, våt og vindfulle.
når vinden ikkje var for sterk,
var eg ute på sykklen,
på grå og vindfulle dager vart det mest inneaktiviteter.
 å sykle slik rundt i bygda,
gir meg mulighet til å sjå mange ting,
som ein vanlegvis bare køyrer forbi.
 Nærland
 eg stopper der det passer,
dreg fram kameraet og finn mange fine motiv,
 denne runden nedom sjøen
er eg veldig glad i.
Denne dagen vart turen turen litt kortare enn planlagd,
då vinden auka på undervegs.
 Selvåg, ei lita strand mellom Nærland og Hå
 Håtangen vart siste stopp denne dagen.
 Dagen etter var det fint og nesten stille frå morgonen av,
men som dagen før,
auka vinden på utover dagen, og undervegs på min runde
 Ved Køhlerpavljongen
 eit flott tun, 
der vertskapet tek vare på gamal historikk,
bygningar, samt driv med rabarbra, saft/gløgg mm.
 sjølve Køhlerpavljongen bruker dei til
festligheter, utleige til selskap.
historien om bygg og folk på bruket,
kan du få fortalt av vertskapet.
 Neste stopp er Kviamarka ved Jærmuseet
Hanaberget med rester av kanonstilling frå 2. verdenskrig
 Hanabergsmarka/Kviamarka er eit mykje brukt turområde
 tett ved Jærmuseet er det raste plass innimellom trea

 denne dagen vart eg gjort oppmerksom på denne mannen i treet
 eller tremannen om du vil
 ein må stå ein bestemt plass/retning for å få auga på mannen
 I bakgrunnen kan ein skimte toppen av Jærmuseet,
veien vidare går gjennom området til Jærmuseet
 seinare har det blitt mest inneaktiviteter.
Det er lova sol og mindre vind framover,
då vert det nok fleire turar på to
føter eller hjul.

onsdag 8. april 2020

I Risaskogen

Ein tur på sykkel,
med Risaskogen som mål.
Akkurat som vi gjorde kvar vår,
på barneskulen
 Kvitveisen er over alt
 Kusommer eller Kusymre som andre seier
finn ein her og der
 den lyser så gul og fin
mot den grøne skogbotnen
på andre sida av bekken
ser ein såvidt det gamle kvernhuset
 usikker på navnet,
men innimellom alt det grøne
såg eg med eit to små tuer med desse lyseblå
Risaskogen er ikkje stor,
men her er mangt å sjå på,
lytte til
eller bare nyte fred og ro