fredag 22. februar 2013

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Sola strand, i Sola Kommune.
Rett over vegen frå Sola flyplass ligg Sola strand, heilt opp til vegkanten.
Herifrå  kan ein gå i begge retningar,
og vi valgte denne gongen og gå på nord sida av bukta.
- oppe frå sanddynene ser ut over stranda
- strand så langt ein kan sjå...
- vi passerer Sola strand hotell, som ligg omtrent oppå sanddynene
- i enden av stranda ligg eit kapell
Strandleiren kapell "det lille kapellet ved havet" vart 
bygd i 1950 i tre, med sitteplass til 60 personer.
Kapellet ligg i tilknytning til det tidligere "Strandleiren Misjonssenter", 
som nå har skiftet navn til "Himmel og Hav" 
som drives og eies av Det Norske Misjonsselskap.
Kapellet, som ble bygget av misjonsprest Racin Kolnes, 
av materialer fra brakker som ble revet på Sola flyplass, 
gjorde også tjeneste som soknekirke inntil Sola kirke stod ferdig i 1955.
- ved enden stranda finnst det mykje spennande å sjå på...
 - og mange flotte foto motiv
 - blått i blått og litt stein - vakkert
 - mange fugler leita etter mat i mellom steinane
 - sol som varma frå skyfri himmel og ikkje eit vindpust,
det er mest som om ein ikkje har lyst å gå tilbake til bilen......
 - men snu må vi....
 - hytter er bygd omtrent nede på stranda..
 - nesten tilbake ved utgangspunktet går vi opp på sanddynene
- forbi strandhotellet
 - over ei av bruene som ein må over fleire stader på stranda,
om ein ikke har lange spretne bein og gjer eit galant hopp over bekkene...
- ein fin tur i "vårsola" ein dag i februar
- denne flotte solrike dagen hadde lokka fleire ut på tur,
til tider var det helst folksomt på stranda....

søndag 17. februar 2013

Sol går ned...

- dette innlegget startar der det forrige stoppa...
- eg går tilbake mot bilen,
samtidig med at sola er på vei ned i horisonten.
- eg tek til meg av fargar, stillhet og ro
dei siste minuttane før sola forsvinn bakom skyene.
 - fargane endrar seg heile tida
 - heile landskapet får eit gyllent skjær over seg
 - det er no like før himmelens fargar vert sterkare og sola svakare
 - det ikkje den mest fargerike solnedgangen denne dagen
 - men vakkert likevel
 - min tur er over, i det sola gøymer seg skyene
 - når eg parkerar heime der eg bur,
 - sender sola ei siste helsing denne kvelden,
nokre få solstråler skinner rett opp gjennom skyene....

lørdag 16. februar 2013

Stranda endrer seg.....

Same kor tid ein går på stranda,
er det alltid noko nytt å sjå.
Vær, vind, bølgjer, sommar og vinter,
alt fører endringar med seg.
På ein vindfull, solrik og iskald dag,
valgte eg å starte i søre enden av Nærland strand.
 - her ligg forsatt is på steinane
 - vi har vanlegvis liten forskjel på flo og fjære,
men i dag må ein vel nesten kalle det låg fjære,
fordi sjøen stoppar lenger ute enn vanleg,
og fleire steinar er komne fram i dagslys
 - deler av stranda er nesten hjerteforma
 - bølgjene kjem stille mot land
 - sidan det går mot kveld,
har sola begynt å farga himmelen i kveldsfargar
 - vatnet oppe på stranda viser at sjøen har gått langt innover på stranda,
her er mindre sand og steinane er blitt "større" og fleire
 - på Refsnes sida ser eg bølgjene og vinden sine herjingar, endå  tydelegare
 - eit par steinar eg ikkje kan minnast å ha sett før ligg der, store og "godt oppe i dagen"
 - når eg ser innover mot sanddynene 
 - ser eg korleis bølgjene har vaska bort sanden
 - bølgjene har laga forskjellige mønster langs strendene
 - når eg snur og går tilbake,
ser eg kor langt inn på stranda bølgjene går,
somme stader rullar dei fortsatt halvvegs inn på stranda...
- ein spanande og innhaldsrik tur......

torsdag 7. februar 2013

Rogaland rundt - langs kyst og fjord....

Apalvik i Vindafjord Kommune
Frå huset oppe i lia, der sola enno ikkje slepp til,
ser eg ut over den vesle bygda Apalvik
 - her er god utsikt utover fjorden
 - i bygda finns enno nokre småbruk,
men her som andre plasser er det fråflytting og antal fastbuande minkar.
Hus og småbruk vert omgjort til hytter.
 - inne frå huset kan ein sjå plattformar som bevegar seg innover fjorden,
til Ølensvåg for å bli reparerte
 - frå huset oppe i lia tek eg ein spasertur
"Apalvik rundt"
Nede i vika skin sola på eine sida av "kanalen"
- eldre naust og trehus ligg nede i vannkanten
 - her finns nyare hytter til utlån...
 - utanfor moloen til Bjoa båthavn ser ein utover Bjoafjorden
 - innover fjorden og over på andre sida,
ligg Matrefjella, Hordaland fylke
- i Matrefjella finn ein fjellet "Mannen"
- ser du han?
 - øya Bleng i Bjoafjorden høyrer til i Rogaland fylke,
fylkesgrensa til Hordaland går midtfjords.
 - Bjoa havn
 - deler av havna ligg på "skyggesida"
- sola er borte ca 6 veker om vinteren
 Bleng og Bjoafjorden sett oppe frå lia
 - min rundtur i Apalvik er over for denne gong.
Det kan nok henda at turen går til Apalvik seinare, 
når det er blitt varmare i veret og sjølivet er i full gang.....