lørdag 30. april 2011

Tur til Lauvlia

 Snorestad i Time kommune er utgangspunktet for dagens tur.
.
- vi går langs Snorestadtjørnane
.
 - på traktorveg
.
 - og grusveg/sti
.
- det er stille her mellom fjella
- utanom fuglekvitter,
er lyden av to par vandringsføter
det einaste ein kan høyra.
.
 - vi nærmar oss målet
.
 - kjem inn til Røyrvatnet
.
 - før vi ser det vesle nedlagde gardsbruket i Lauvlia.
.
- idyllisk og vakker plass.
Me lurer litt på kva som fekk folk til bureisa seg her inne
på denne vesle staden.
.
 Etter ein kort pause, startar vi på returen.
.
 ein fin tur, i sol og nesten vindstilla
- kan anbefalast til alle ( ikkje barnevogn).
Ved Snorestad gard står bilen og ventar på oss.
turinspirasjon.net finn eg kart og opplysningar om turar i Rogaland.
Kanskje du og får lyst til å besøkja ein av desse turmåla.
GOD TUR!

fredag 29. april 2011

gult i gult ved stranda

 I vegkantar og grøfter lyser det gult i gult i desse dagar,
løvetannen eller hestablommen som me seier her, står i full blomst på Jæren.
.
- mellom greiner og strå i sanddynene finns dei og
.
 - i sol frå klar blå himmel vandrar eg på stranda i dag,
fuglane syng og bølgjene kjem stille inn mot land.
 .
 - tre strender ligg etter kvarandre her,
eg går åleine langs alle tre..
- kan eit visst bryllaup ha meir tiltrekningskraft
enn ein tur på stranda????
.
 - eg lytter til naturens lyder og tek til meg av roen som rår.
.
-  til og med mellom steinane på stranda
har ein løvetann slått rot
.
  - min tur går mot slutten
.
- eg svinger opp bak sandynene
.
 - tek eit siste blikk mot stranda
.
- før eg er tilbake til bilen.
- mine batteri er nyopplada og klar for resten dagens gjeremål.
GOD HELG!

onsdag 27. april 2011

på "Jærens tak..."

 Utgangspunktet i dag, er Undheim i Time kommune.
- For den som er litt meir kjent,
Aurenes ved Tjålandsvatnet.
.
Er går langs traktorveg...
- det går opp, opp,
.
 opp mot fjellets topp.
.
mitt mål i dag...
Her på toppen et eg nista mi
og berre nyt utsikta over Timesokna
.
 Her er mange fjelltoppar rundt om,
og eg tenkjer på kva for ein som kan verta mitt mål ei anna gong.
.
 Utsikten er flott, og kan nesten ikkje sjå meg mett
.
- tilslutt må eg berre reisa meg og starta nedturen
 .
 Det er ikkje siste gongen eg går tur i dette området.

mandag 25. april 2011

Kjervall

 - er ein stad eg likar meg veldig godt,
 geografisk finn ein staden sør aust for Egersund
i eit lågare fjellområde.
I dag går eg frå asfaltvegen og opp alle bakkane,
- vanlegvis køyrer vi dette stykket og går innover frå parkeringsplassen
der Turistforeninga har merka løyper.
.
 - liene grønkast og bjørka er full av rakler
.
 her finn ein bjørketre over alt,
- på steingrunn eller på mark og langs veg
.
 - vegen oppover er smal,
og dette er nok det smalaste punktet...
.
 - eg går langs vatn
.
 og i småskog
.
 og kjem tilslutt inn på tunet på Kjervall
.
 - rundt om husane lyser det kvitt i kvitt av kvitveis
.
 - eg går gjennom tunet og inn på ein sti ned mot vatnet
.
 - her finn eg fleire blomstertepper på bakken
.
 - det er tid for nistpakke
-den et vi inne i gammelstova
- det knitrer i ovnen
- frå stoveglaset ser vi ut på det vakre området
som dette nedlagde gardsbruket ligg i,
-  vi ser på vatn, fjell, skog, utmark og beitemark.
Eg er veldig glad for at eigarane let oss få lov til bruka tunet så mykje vi vil.

Uti vår hage..

 strekkjer blomane seg opp mot morgonsola....
.

 Ha ein strålande dag!