søndag 28. februar 2010

Første vårteikn! The first sign for Springtime.

Sola skin og varmar om kinn
gradestokken viser 5 grader
fuglane syng frå kvart eit tre.
Om ein tek seg tid til å lytta,
så høyrer ein vatndråpane som sildrar - snøen smeltar.

mellom våt snø og kvister
finn eg grøne spirer som strekkjer seg mot sola.

DET GÅR MOT VÅR!

fredag 26. februar 2010

GOD HELG!

Det går mot helg, arbeidshelg for meg.
Det kan verta ganske morosamt å gå på arbeid, med snakkeforbud.....

legen ville helst sykemeldt meg,
men eg lova å sei minst mogleg..
.
- når eg ser på veret og all snøen som kjem,
samt fekk vita at min kollega måtte ha drahjelp av Viking, to gonger i går,
er det som om eg tregar lite grann...


Maten må fram,
så det er bare å stå på..

Med desse bileta frå i fjor sommar
vil eg ynskja dykk alle
God Helg!

onsdag 24. februar 2010

Glutenfrie krotakaker, oppskrift

sidan fleire har bedt om oppskrifta på krotakakene

så legg eg ho ut her:


Lykke til med baksten!

søndag 21. februar 2010

Glutenfri bakst

Så lenge faster levde, baka ho og mannen Kåre
lefser, krotakaker og potetkaker til "halve" Jæren.
Eit par gonger var eg heldig å få vera med dei for å læra.


Den lærdommen var god å ha,
når eg for første gong skulle prøva meg på eigahand,
på glutenfrie krotakaker/vestlandslefser.
.
for å få fine runde lefser
måtte ein laga runde boller og klappa dei flate -
sa alltid faster

"det er ikkje alt som kjem på vaglet" sa faster
og med det meinte ho at ikkje alle kakene var gode nok for salg.


Eg prøvde først med så store kaker som det stod i oppskrifta.
Dei vart for store og vanskelege å handtera.
Eg halvverte størrelsen, og då gjekk alt mykje bedre.

Resultatet vart ganske bra tilslutt.
Eg må nok øva meg nokre gonger,
før kakene vert runde og fine som faster sine.
....
Eg fekk så mange krotakaker at eg kunne dela med meg
til 2 andre husstandar som og bruker glutenfritt.
Halvparten av min del åt mannen og eg opp,
resten er ferdig smurt og ligg i frysa.
.....
God søndag.

torsdag 18. februar 2010

Lånte ord

I dag har eg lånt orda
hos Bente Bratlund Mæland
Å VAKNA
Å vakna om morgonen til ein heilt vanleg dag,
og kjenna ei strime av forventning sildra gjennom seg.
Å gå ut i dagen med opne sansar,
med eit hjarte som slår ørlite ekstra.
Å ha augo som ser med eit uventa klarsyn
dropen på greina, blomen i vegkanten,
rynkene i eit andlet som er nært.
Å kjenna at det boblar ei glede i ein,
Ei sterk, uventa glede - over livet.

Å VERA TIL
Du henta ei stjerne ned frå den blå himmelen til meg i dag,
og tende lys over dagen min.
Andletet ditt opna seg i eit smil då vi møttest.
Augo dine bar i seg ein varme.
Du rørte lett ved armen min.
Det var ikkje orda vi delte, men det du tende i meg, det du opna i meg.
At nokon bryr seg.
Det vart så uendeleg godt å vera til.


AUGNEBLINK
Dei nakne, skjelvande augneblink då tonar smyg seg innunder huda di
fyller deg med ein varme, opnar noko i deg.
Augneblink då du sjølv blir ein tone-
blir eitt med noko uendeleg.
Og seinare, når du vaknar opp og kjenner at noko er annleis - i deg.
Varare, sterkare, nærare.....
Augneblink å leva på




Eg vil ynskja alle ein fin dag.

mandag 15. februar 2010

Mandag

ny veke og nye muligheter....
.
Kva den nye veka vil innhalde,
er enno litt uvisst.
Nokre treningstimar og arbeid
står fast på planen,
elles vert det nok litt diverse
som vanleg for alle husmødre.
.

Husmødre...
det var morsdag i går
i tillegg til fastelaven og valentine....
.
Valetine har aldri blitt markert her.
Fastelaven med bollebaking og krem,
vert det og lite av,
(Mannen fekk nokre berlinerboller, lørdag)
eg slutta å baka boller til denne dagen,
då ungane flytta ut.
Fastelavensris kjem heller ikkje inn i mi stove...
Med allergier av ymse slag,
har det bare blitt slik.


Morsdagen vert markert med ein blomsterbukett.
aller helst vil mannen eg skal kjøpa han sjølv....


I år ba eg dei utflytta gutane heim til middag.
Som vanleg hadde dei det veldig "travelt"
og når middagen såvidt var i våre magar,
takka den eine for seg.
Den andre hadde "tid" til ein liten halv time...
Den ungdommen, den ungdommen...
venner og data trekkjer vel meir enn ho mor.


Mannen og eg fekk ein roleg avslappane ettermiddag,
det var vel slik alle morsdagar skulle vore.....
....
Eg vil ynskja alle ei fin veke.

fredag 12. februar 2010

Kveldsol

I kveldinga reiste eg ned til sjøen
for å gå meg ein tur på stranda


sola var på veg ned i havet
det var vindstille og eit par minusgrader.


Eg hadde stranda nesten for meg sjølv


det vart ei freda stund og ein god tur
til lyden av bølgjer som slo mot land
og eit vakkert skue i horisonten


hav og himmel går i eitt
......
GOD HELG!

torsdag 11. februar 2010

tre mot vinterhimmel.

Av og til er det verdt gå med nasa i sky,
som eg gjorde her ein morgon.

eg såg på dei nakne trea mot den blå vinter himmelen.


vindskeive eller krokete,
alle er dei forskjellige
og ein del vår spanade natur.

onsdag 10. februar 2010

Snø /Snow

I det sola var på vei opp
gjekk eg meg ein tur
i snøfenner og på islagde åkrer

snøen har lagt seg langs og mellom steingardane steingardane

vindens herjingar har sett sine spor

sjølv om gradestokken viser fleire minusgrader

kan ein kjenna at sola varmar


fuglane syng og kvitrar-
det går mot lysare og varmare tider.

på milde dagar har snøen begynt å tina
før frosten igjen har frose alt til is.

Ha ein fin vinterdag.

mandag 8. februar 2010

Grå morgon/grey morning

Etter dagar med mildver og snøsmelting
viste termometeret idag, minusgrader.
I tillegg låg skodda tjukk over bygda.

skodda forvann litt etter litt
og ein kunne ane sola på veg opp bak åsen.

Snøen som er att på desse kantar
ligg i snøfenner langs med steingardane,
eit resultat av fleire dagar med rennedrev siste veka.


Sola er no komen eit godt stykke opp på himmelen
og alt tyder på at vi skal få ein solrik dag.
Eg håper at sola kan smelta litt av isen
som la seg på vegane i dag tidleg,
samt litt meir av snøen.
.....
Jærbuen ventar på vår.
Den eldre generasjonen lurer på korleis det skal gå
når all denne snøen skal bort.
Dei tenkjer nok mest på åker og eng,
som vert fulle av vatn,
og ei våronn som kjem seint i gang.

lørdag 6. februar 2010

Hå gamle prestegard

Heilt nede ved havet finn ein Hå gamle prestegard
.

Frå 1600-talet og fram til 1919 var staden prestebustad.
.
I dag er bygningane restaurerte,
og i bruk som ein kunst-og kulturinstutisjon.

inne i hovudhuset kan ein setja seg ned
kjøpa seg ein kopp kaffi med litt heimabakt til

ein kan sjå på bileta som heng på veggene



eller ut glaset og drøyma seg bort i naturen utafor


når ein går ut av hovudhuset
ser ein rett ut på det opne havet

bygningen ved sida av hovudhuset
vert mest brukt til utstillingar,
men og til sang og musikk

her finn ein og ei avdeling for salg av diverse kunst


alt etter tid på året
har dei temadagar/arrangement
for barn og vaksne
.

frå alle bygningane
ser ein havet


frå fjøset ser ein mot Obrestad fyr
som og er blitt ein av del av kulturen på Jæren



Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadane i Rogaland.
.
Her er utgangspunkt for opplevelsesrike vandringar langs havet.
I dette området langs sjøen går den såkalla Kongevegen -
ein veg frå Kristian IV si tid.
.....
ein stad for liten og stor,
ute som inne er vel verdt eit besøk
sommar som vinter.
.....
kunsten eg viser, er postkort som er laga
i forbinnelse med tidlegare utstillingar.