Viser innlegg med etiketten Preikestolen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Preikestolen. Vis alle innlegg

søndag 20. april 2014

Ved og i nærheten av Lysefjorden.....

På vei over Høgsfjorden,
 - Oanes ligg der Lysefjorden starter
 - rast ved Preikestolhytta, på nordsida av Lysefjorden, i Strand Kommune
- ro, stillhet, bekkebrus og sol som varmer....
 - vi køyrer innover langs fjorden, på sørsida, i Forsand Kommune
- Eidevatnet 
 - speilblankt og stille
 - nesten magisk....
 - leik med forrige bilete...
 - det er vanskeleg å sjå seg mett...
 - eit stykke lenger inne i dalen,
køyrer vi opp på fjellet,
til Skrøylå, ein parkeingsplass på toppen ovanfor Fossmark,
med utsikt til Preikestolen og Lysefjorden.
Vi går eit stykke innover traktorvegen
 - vi ser ned på gardsbruka på Fossmark
  over fjorden til Preikestolen
- når eg zoomer litt,
ser eg at mange har teke turen opp til platået i finværet
 - det er mulighet for lengre turar i dette området,
vi gjekk kun ein kort rusletur som planlagt
 - ein hoggorm piler fort avgårde,
med fotografen på slep,
og tilslutt det vart eit brukande bilete
 - Vi setter kursen nedover dalen,
 mot Eidavatnet og Eiane
 - og vidare heimover...

tirsdag 21. mai 2013

Tur til Preikestolen

Turen starter frå Preikestolhytta
Det er er 3,8 km og ein høydeforskjell på 330 m ut til platået.
 - store deler av turen går vi på steinete stiar
 - her og der er det opningar mellom trea,
der ein kan sjå utover den flotte naturen i området
 - over dei våtaste områda er det lagt ut jernbanesviller
 - det er ikkje lenge sidan snøen forsvann,
så graset er fortsatt brunt
 - vi går oppover den eine ura etter den andre
 - den siste biten av denne ura er stengd.
Skjerpaer frå Nepal er i gang å gjera ura lettare å passera.....
Vi må gå ein omveg og kjem opp nærmare toppen
 - sjølv om det er disig, kan vi sjå ganske langt....
 - eit stykke før platået, kjem vi inn på den stien vi pleier å gå
 - her og der er det forsatt nokre små snøflekker att
 - vi nærmar oss målet
 - det er langt ned til sjøen....
 - Preikestolen er eit fjellplatå på nordsida av Lysefjorden, i Forsand.
Platået er tilnærma flatt, ca 25 x 25 m, og rager 604 moh.
Frå gamalt av hadde platået navnet "Hyvlatånnå" (høveltanna)
 - det er spennande å liggja på kanten og sjå ned mot sjøen...
 - utsikt innover Lysefjorden
 - på andre sida av fjorden, ser ein gardsbruka på Fossmark
 - etter ein god pause, er det på tide å starte på nedturen
 - andre er på veg mot toppen...
 - vi går nedover li og ur,
- vi startar tidleg, og unngår med det ein del køgåing oppover.
Vi møter mange som er på veg opp, når vi går ned.
- nokså ofte må vi vente, 
fordi det er for smalt til at to kan passera på ei gong.
Vel, eg klarte å nå toppen.... :) :)
- det skal gå nokre år, før eg går denne turen igjen.....

fredag 14. mai 2010

Preikestolen

I fjor byrja eg å tenkja på tur til Preikestolen
- i løpet av denne sommaren.
Eg har vore der ein gong tidlegare
men det fleire år og "vondter" sidan.
Vinteren var lang og førte med seg litt av kvart
så eg var nok tvilande på det heile ein periode.
- men så var det eit par kjekke damer på senteret
som sette motet i meg igjen
- og etter å ha vore i tenkeboksen ei tid
så var eg tilbake på tanken om å nå målet mitt.
.
Eg må nok innrømma at det kribla godt i magen
då dagen kom.
Veret var supert for meg
overskya og 8-10 grader
.
Turen til Preikestolen er ca 4 km lang ein veg
og 334 høgdemeter
.
ein går for det meste på fjell, stein
og oppgjennom urer
.

Det gjekk greitt oppover
men eg kjende at det var nok i det hardaste somme tider.
.


her sånn halvvegs er vi komne opp på fjellet
og har gjort unna dei verste stigningane.
.



her er mange fine plasser
ved vatna ein går forbi.
.

endeleg nærmar vi oss målet
.

- langt ned til fjorden...
.
- flott utsikt innover Lysefjorden
.

Preikestolen 604 moh
.
Det tok like lenge - om ikkje lenger å gå ned att.
Eg var temmeleg sliten, og gjekk nok mest på viljen på slutten.
Eg ser no at hovudet var nok mykje meir klar
enn resten av kroppen.
Eg er i dag stiv og støl, og har smerter over alt
- og veit med meg sjølv
at skal eg gå turen ei anna gong
trengs det nokre timar med styrke og kondisjonstrening i forkant.
(eller aller helst litt trening kvar dag over ein lengre periode)
stivhet, og smerter... pytt sann - det går over...
Eg nådde årets store turmål!