søndag 8. oktober 2023

Kjervall, Eigersund kommune

Ein fin og vindstille haustdag.
Turen går sørover til Eigersund kommune
enno er ikkje haustfargane på topp
men her og der har blad og gras bytta farge
fine speglingar i vatnet




som vanleg, når vi er på desse kanter,
så har vi rast på det vesle tunet på Kjervall




ein tur nedom vatnet,
er og ein del av det å besøke denne plassen



mange gode minner frå ei svunnen tid,
om tider då vi var oftare her. 
Plass, natur, stillhet og ro,
ein fin plass, der eg liker meg godt.

torsdag 5. oktober 2023

Fin haustdag på Jæren

Dagen rann med sol og blå himmel.
Litt etter litt kom store skyer frå aust.
eg gjorde eit par stopp på Nærland
deretter ein fin tur på Refsnes strand
omtrent stille og sol som varmer
ein følelse av sommar
her og der lyser små fargeklatter mellom gras og strå




skyene er låge, og legg seg "nesten2 nedpå sanddynene
bølgjene slår fint inn mot land



Ha ein fin dag der du er.