søndag 30. januar 2022

frå stillhet og ro, til bølgjer som slår mot land (molo)

Her om dagen var eg på tur med tirsdagsgjengen.
Vi går langs Frøylandsvatnet,
i vindstilla
god nesten vårlig temperatur
skodde kjem og går
og eit par solstråler finn veien gjennom skylaget
det er stillhet og to som rår
ein kjenner på roen når ein ser ut over speilblankt vatn



like etterpå kom værskiftet,
regn og litt vind,
går over i store mengder regn 
og storm i kasta (35-45 er målt)
I det uværet er på retur,
tek eg turen til Madland havn
der bølgjene slår inn mot moloen med stor kraft.

det er både fasinerande og fint
og best å oppleve på avstand




den eine bølgja høgare enn den andre
naturen har mykje fint og spanande å by på
i all slag vær...

søndag 23. januar 2022

Grå og fin morgon

Turen går på eigne tufter.
Det er vindstille,
skodde kjem og går.
Eg lytter til fuglekvitter
og kjenner eit drag av vår i lufta
sjølv om dagen er grå
er det mange ting å sjå
og alt er vått
steinane er fulle av mose,
små fargeklatter i alt det grå
på desse kanter er åker og eng 
grøne heile året
dråper heng det over alt,
ingen vind har teke dei med seg 


dråper som glitrer så fint
i det vesle solgløttet som var

før skodda igjen kjem sidande
og farger landskapet grått




jorda er våt etter mykje nedbør i det siste
det er stillhet og ro som rår
der eg rusler langs bondens traktorvei
ein fin start på dagen.
Lag deg ein god søndag!

lørdag 15. januar 2022

Ein ettermiddag på Sele, Jæren.

Turen går til Sele.
Eg har avtalt å møte ei dame,
som stadig vandrer på Sele strand,
med sekk på ryggen og kamera på magen.
Det hender rett som det er,
at eg blir forveksla med denne dama.
Det er bare morro,
og er ofte starten på ein god samtale,
med heilt ukjente som eg møter på min vei.
Først tek eg eit lite stopp på Tangarstø,
den vesle småbåthavna på Sele.
Dei fargerike nausta,
har lenge vore eit veldig populært fotomotiv.
Vinden tek godt og det er friskt,
men godt å vera ute.
frå havna ser ein dei som kiter ved stranda
Det er like før at kiterane slutter av for dagen,
Feistein fyr sett frå stranda

ein av kiterane held ut litt lenger enn dei andre
fram og til tilbake,
nært land og litt lenger ute,
høge hopp
fasinerande å sjå på



ein annan gjer ein siste tur med brettet
medan vi står der,
ser på aktiviteten i sjøen,
praten går ivrig
 vi bruker kameraet ofte
går sola ned i havet
sola sender sine siste stråler,
før ho går bak skyer, skodde og dis der ute i havet



Fine timer på stranda,
i godt selskap.
Det vart ein god pause frå
1 meteren og andre C 19 regler.
Vi var der i nuet,
og tok til oss av det som naturen kunne by på,
og det vår felles interesse ga oss.
At vi tilslutt vart litt kalde av vind og vær,
la vi nesten ikkje merke til,
før vi skiltes og drog kvar til vårt.

onsdag 12. januar 2022

Ein solnedgang på Jæren

Natta og dagen var prega av sterk vind og regn,
før det vart heilt stille og blå himmel.
Skodde og dis kjem og går.
Eg vandrer langs sjø og strand
tek til meg av stillhet og ro,
lytter til bølgeskvulp 
og kvakkende ender.
Ei lisa for kropp og sjel,
å bare vera i nuet.
Solnedgangen vart fin
disen legg seg som eit slør framfor sola


Ei fin stund ved sjø og strand