tirsdag 30. mars 2021

Sola og Ræge strand

Tett på Sola flyplass,
ligg Sola strand,
og i søre enden 
ligg Ræge strand.
Sola skin
og eit skylag kjem inn frå sydaust
det er så stille
(bortsett frå eit helikopter i ny og ne)
mange har funne veien til stranda
på denne fine vårdagen
her er rester frå krigens dager
med veggmaleri på
Sola strand
strekkjer heilt over på andre sida av bukta


mørke skyer truer i aust
helikopter går inn for landing
Ræge strand er ikkje så stor
naustet på Ræge
er eit kjent og ofte brukt fotomotiv
eg tek ein rast ved naustet,
kjenner sola varme,
lytter til bølgeskvulp og fugleskrik




skyene når ikkje naustet,
så lenge eg er der

ein fin og rolig luftetur
på fine strender
i Sola kommune

tirsdag 16. mars 2021

Obrestad og omegn

I dag gjekk turen til Obrestad fyr.
Her på høyden utanfor fyret,
ser ein langt utover flate Jæren
mot Hå og Hå gamle prestegard
mot aust
her finns kanonstilling frå krigens dager
veien svinger seg gjennom landskapet

mot Håelva og Njærheim
ein fin og solrik dag på Jæren,
med frisk vind frå nordvest
 

lørdag 13. mars 2021

Grått på stranda, sol i havna. Ølberg

Grått i grått på Ølberg strand
bølgjene slo kvite mot berg og strand


gullsteiner på strnada
veggkunst i havna
havna er ikkje stor,
men huser fleire båter
fuglekunsten på berget
stillhet og ro i havna
prega av alder og år



Mang ei sjel 
finn veien til havn og strand,
uansett vær.
På fine dager er her ofte veldig folksomt,
og køen er lang
framfor bua som er kjent for sin softis.

fredag 5. mars 2021

Skyer i solnedgangen, Nærland strand

Kald vind frå nord,
skyer i mange farger og fasonger
i solnedgangstida
alt frå lyse lette skyer
runde og lange skyer
mørke skyer der ute i havet




ein frisk og kjølig tur på stranda

torsdag 4. mars 2021

Sele havn mot Hellestø

Sol frå blå himmel
vind frå nord
dei fargerike nausta i Tangarstø
er vel kjent og fotografert av mang ein fotograf
det var fint å stå der,
bare la seg dra seg med
 på bølgenes vandring inn mot land

Feistein fyr
mot Hellestø
det var friskt og fint, 
å vandre langs jærhavet