Viser innlegg med etiketten Tyskland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tyskland. Vis alle innlegg

fredag 11. november 2022

Turområde ved Irrel, Tyskland

Vi starta med ein tur gjennom skogen.
Det ligg mykje blad på baken,
og endå fleire kjem dalane ned over oss.
ein fin plass å vandre,
fine farger
sola lyser til tider gjennom dei fargerike blada
her og der fann vi sopp på vår veg

vi svinger av skogsstien,
og over på turløypa
Teufelsscglucht.
Eit heilt spesielt område,
smale stier, glatte trappetrinn,
halvvisna løv over alt
mange hadde funne veien dit, den dagen,
og ofte vart det kø 
på smale parti/i trapper
stien svinger seg
mellom bratte sider
mine tyske venner:
vi har og ein stein mellom to fjell..
dei sikter til Kjerag i Rogaland
Eg starta med å bruke mitt speilreflekskamera,
men kvar gong eg stoppa opp for å fotografere,
danna eg kø bak meg
Etterkvart gjekk eg over til å kun bruke mobil,
det vart enklare og trong kortare stopp
eit heilt spesielt område å vandre i
mange trapper både opp og ned


fuktige blad/løv gjer trapper og skråninger glatte






Irrel









Eit spanande område eg kunne vandra i fleire gonger,
men ville nok valgt ei anna årstid,
men tanke på glatte blad/løv over alt.

mandag 7. november 2022

Eit kort stopp i Trier, Tyskland

Trier, Tysklands eldste by,
er interessant og spennande å vandre i.
Det vart kun ein liten runde denne gongen.
Hovudtorget er omkransa av fine gamle bygninger
og fleire kyrkjer
Når klokka er slagen
er det klokkeklang i alle retninger

mange av husa har detaljrike fasader

Trier's eldste hus, frå 1230
om du ser nøye etter,
så ser du inngangsdøra i 2. etasje.
Dette var vanleg,
og ein sikkerhet mot tyver.
Ein stige vart fira ut frå døra,
om nokon skulle koma inn.
Porta Nigra "den sorte porten" 
inngangsporten i den gamle bymuren, 
bygd omkring 180 e.Kr.
Trier Domkirke, byens eldste kirke, åpnet i 1270
Inne finns det mange fine detaljer,
og altertavler over alt








Det alltid gildt å turen innom Trier
 anten det er for å oppleve byen, 
besøke ein av mange små kafeer og restauranter,
eller gå i handlegata.

søndag 6. november 2022

Kølnerdomen, Køln, Tyskland

Kølnerdomen er eit staselig og detaljrikt byggverk,
både ut og inne















Historien fortel at
dei Hellige tre Konger vart lagd i dette gullskrinet 
på 1200 talet

Nede i skattekammeret
er mange flotte og dyrebare ting oppbevart

Dette korset vart starta på i Køln i ca 1200
og gravert ca 1260
Det består av sølv, kopper, forgylt emalje og edelsteiner
Vart bestillt i Paris 1742
sølv og gullbrodert
1713 silke, gull og sølvtråder
1899 
Bomull, silke, metalltråder. glass-steiner og perler

1240
Både ute og inne må det ha gått med mange arbeidstimer,
for å få til alle detaljer,
både ute, inne og på handtverk.