onsdag 29. september 2021

Modalen

Ein grå og regnfull dag,
ruller bilen innover Modalen
Det er vindstille,
sjø og vatn ligg speilblanke langs vegen
Mot Mo
ein sandbåt legg til kai

ein geiteflokk held til langs vegen
Steinlandsvatnet
eit vakkert skue
Innerst i Modalen
ligg to gamle tun
det eine er under restaurering
og treng mykje omsorg 
sauehuset er ferdig restaurert
den gamle skeive smia venter på tur
løa som resten av bygningane
er og godt slitne
etter ein stopp innerst i dalen
ein kaffikopp, ein god drøs og omvisning av eigaren,
ruller bilen utover dalen
på smale, svingete og humpete vegar

ein fin tur trass i tunge skyer og regn
Naturen har mykje å by på
på slike dagar og.

søndag 26. september 2021

Eikemo i Masfjorden

Vi har hatt ein tur nordover på Vestlandet.
Vår base var på Eikemo, i Masfjorden kommune.
Akkurat her på denne plassen
mellom fjella
er det to gardsbruk.
Ein stille og rolig plass
det er ein grå kveld
skodda heng over dalen
innimellom kjem nokre regndråper
elva renn stille
trea spegler seg så fint i vatnet
roen senker seg
bare nokre fykande småkryp
gjorde sitt for å forstyrre roen


her og der kan ein sjå spora,
og kjenne eimen etter hjorten,
som kvar kveld kjem inn på bøen
like framfor hus og løe
Ein fin plass eg skulle besøkt oftare

fredag 17. september 2021

Haver, Hå kommune

Haver ein ein liten plass,
lengst sør i Hå kommune.
Her besøker eg ei dame, 
eg har møtt på mine turer langs Jærkysten.
Ho ville vise meg sin fine plass
heilt ytterst ved havet.
Haver er sør for den flate delen av Jæren,
her er det berg og fjellknauser,
kuppert, og likt lanskapet sørover.
speilblankt tjern 

eg blir vist ut på Haverhesten
det høgaste punktet,
her ser ein langt både i sør og nord.
I motlys, mot Egerøy fyr

i nordleg retning

vi rusler videre og inn i skogen
Det går mot haust og slutten av bærsesongen,
men enno hang mang eit bjørnebær på buskane
blada på trea er i endring
men forsatt lite haustfarger å sjå



Ei fin stund
 i lag med ei anna dame
som går på tur og med kamera i handa

lørdag 4. september 2021

Heima på Bø

På nabogargden er siloslåtten i gang,
for 3. gong i år 
Eg vart oppmerksom på dei fine fargane
grønt i grønt og blått i blått
samt dei røde rognebæra
mørke skyer kjem sigande
kvite grasballer på marka
viser godt igjen 
rognebærtrea er fulle av bær i år




eg står der og tek til meg av det naturen byr på
sola varmer i ryggen
og lager så fin kontrast mot dei mørke skyene i aust

fredag 3. september 2021

I og ved Obrestad havn

I ettermiddag vart det ein liten luftetur til Obrestad.
Ei av fleire småbåthavner,
langs jærkysten
gardsbruka, med åker og eng
ligg tett ned til sjøen
i dag er det kyene som "eig" markene
kyene bryr seg lite om at dei ligg midt i turstien
disen heng i lufta,
og det er ein kjølig vind frå nord
Obrestad havn 
som alle havner langs jærkysten
ligg havna slik til at vær og vind står rett på,
ingen øyer som demper på bølger og vind


gamle naust i havna
eg rusler ut på moloen




godt surra

ei fin stund ved sjøen