tirsdag 27. juni 2023

Den gamle jagevegen på Bø, Nærbø

Den gamle overgrodde jagevegen,
og den gamle gruslagde ferdavegen
har kome fram i media i det siste.
Jagevegen/geilen som for meg lenge,
har vore ein plass eg vandrer,
ei perle som eg så og sei har hatt for meg sjølv
Første biten er godt synleg frå bilvegen
den gamle kyrkjegarden er og kjent for mange
her førte bøndene i si tid buskapen opp til utmarka.
På den tida var her eit ope og vidt træe
med god plass til folk og fe
kulturbeite på begge sider langs geilen/jagevegen
her er tett og overgrodd
men eg kan sjå at det har vore andre her den siste tida


mang ei grind inn til dyras beite
langs heile vegen





eit stykke der det ikkje er overgrodd med buskar og tre



her er eit mangfold av blomar og tre
fuglesangen er med meg heile tida
Her held og nokre rådyr til,
og ofte når eg rusler her,
så kan eg kjenne eimen av dyra


hit men ikkje lenger
ved grinda ender jageveien.
dyra blir deretter ført inn på rett beite til rett bonde.
Mange bønder har si utmark her.
skodde og dis slepp taket
skyer og blå himmel tek over
heimturen går over eigne tufter
langs traktorvegen
mellom åker og eng
Eg har lenge tenkt at eg kunne prøvd å lage meg ein sti,
men det har bare blitt med tanken...
etter all publisitet,
kan hende folk som vandrer trør ned nok grass og busker,
slik at det vert ein brukande sti.....

mandag 26. juni 2023

Refsnes og Nærland

skyer og blå himmel
sol og skygge
kald vind frå nord
likevel godt å vandre langs sjø og strand

frå sanddynenes høgaste topp ser ein langt




ein kiter har funne vegen til Refsnes




her er fint å vandre i all slags vær,
kjenna vind og sol
høyra fuglar syngja
og bølgjer som slår mot strand.
Ha ein fin dag der du er.
 

søndag 25. juni 2023

Obrestad fyr

skodda ligg ute i havet
skyer breier seg frå aust mot vest
her er eit mangfold av blomar og strå







skyene vert mørkare
og ser ut til å koma med regn...
ikkje ein dråpe datt ned der eg vandra



lyset og skyer endrer seg stadig


trass i litt vind, var det varmt å rusle rundtomkring