lørdag 23. november 2013

skyer...

Skyer kan vera fasinerande og spanande.
Dei kan vera høgt oppe eller lavt over bakken.
Dei var sånn midt i mellom, 
når me kom til Hå, i Hå kommune
 - haustfarga åker og  bomullskyer..
det var fint og sjå på
 - skyene endra fasong
 - og farge
 - sola kom og gjekk
  - fargane endra seg i lag med sol og skygge
- naturen har mykje spanande å by på....

mandag 18. november 2013

Fin haustdag

Innimellom grå og våte dagar,
kom søndagen med solskinn, vindstilla og 8-10 grader...
Vi tok turen til Gramstad i Sandnes kommune.
Herifrå kan ein gå forskjellige turar,
korte,lange, på sti/grusveg eller i terreng.
Vi går først eit stykke på grusvegen,
 - langs Gramstadtjørn
 - vakkert skue når alt speglar seg i vatnet
 - vi går vidare på knauser og sti
 - stiane er svarte og våte,
dei viser tydelege spor etter mange turgåarar...
 - denne stien fører til Dalsnuten (323moh)
 - men vi har ikkje tenkt oss dit i dag
 - vi svinger ned mot Revholstjørn
 - sett bort frå lydane frå dei mange som er på tur i området,
er her heilt stille
 - vi tek ein kort rast ved vatnet,
- herifrå ser vi mot Dalsnuten,
og alle som tek turen oppover mot toppen
 - vi går vidare, og kjem over på den gruslagde stien - som og fører til toppen
 - vi går i motsatt retning - tilbake mot Gramstad
- på grusvegen gjennom skogen
- sjølv om kalendaren viser midten av november,
var det nesten vårleg i lufta denne dagen...

torsdag 14. november 2013

Rusletur ved Melsvatnet

Melsvatnet i Time Komune, 
er ein populær plass for uteaktivitetar.
Her kan ein bade, bruke båt, gå eller sykle rundt vatnet, 
eller gå på ein av toppane som ligg nært inn til vatnet.
 - det er laga gruslagd sti rundt heile vatnet, og runden passer for alle i alle aldrer
 - sola kom gjennom skylaget av og til,
og det var ein kald vind då vi tok turen til Melsvatnet
 - fine haustfargar kom ekstra godt fram der sola skein....
 -vinden gjorde at vatnet var uroleg,
men her og der tett ved land,
spegla trea seg så flott i vatnet
 - det vart nesten litt trolsk...
- eit lite naust er nesten skult i buskane
- sola skin på andre sida...
 - ein kald, men fin rusletur ved Melsvatnet....

torsdag 7. november 2013

Klar og stille haustdag i Gjesdal og Bjerkreim kommuner

Den første frostnatta går over i ein kald og solrik dag.
 I dag går turen med bil,
 langs vei nr 45 mellom Ålgård og Byrkjedal, i Gjesdal kommune
 Første stopp er ved Limavatnet
 - vi køyrer vidare langs vatnet,
og gjer stopp nr 2.
 - her er vatnet heilt stille og klart som ein spegel.
 - turen går vidare innover i landet,
mange stader er sola gøymt bak åser og fjell.
Neste stopp er i Dirdal, innerst i Høgsfjorden
her har sola nådd deler av dalen....
- nausta ligg delvis i skyggen,
men speglar seg likevel så fint i sjøen
 - turen går vidare innover dalen, 
mellom fjella som stengjer for sola
 - ved Byrkjedal svinger vi inn på vei nr 503
og set kursen forbi Gloppedalsura, mot Bjerkreim kommune.
 Like før vi kjem til Veen, skin sola atter ned i dalen,
på ny speglar lanskapet seg i vatnet
 - siste stopp er ved Hofreistevatnet, ved Eikeland
 - for ein som bur på vindfulle Jæren,
er dette eit heller sjeldant syn
- eit vakkert skue.
Etter dette stoppet aukar det på med skyer og vind,
etterkvart kjem det regn og....

fredag 1. november 2013

Langs Kongeveien under skiftande skydekke

Aller først tok vi oss ein tur opp på tusen års plassen på Obrestad,
 - der ser vi ned på Obrestad havn.
 - for så å gå i sørlig retning, langs Kongeveien.
Skyer kommer og går
 - ser du det eg ser?
- for meg er skyene forma som ein hund og ein kanin....
Her på det høgaste punktet på turen,
er det nesten som om skyene heng rett over hovudet vårt....
 - turen går i variert terreng,
somme stader i enden av dyrka mark.
 - her er det steingardar mellom kvart jorde
 - der det ikkje er dyrka, er det nok stein å ta av....
 - ved Reime gjer vi eit stopp,
studerer himmel og hav
før vi snur og går tilbake
 - fargar og lys skiftar fort
 - tunge mørke skyer kommer sigende innover frå havet
 - snart er det meir blå himmel og sola lyser igjen opp landskapet.
Vi ser oss tilbake,
på Reime og Sør Reime lyser landskapet mot oss, i mange fargar
 - kort etter er skyene der igjen
- mørke skyer sig innover mot gardsbruka på Reime
 - tilbake ved utgangspunktet
Obrestad vert opplyst av sola,
medan skyene tettar seg rundt på alle kantar....
 - ein fin og opplevelsrik tur, 
i god temperatur og nesten vindstille,
den nest siste dagen i oktober...