Viser innlegg med etiketten flaum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten flaum. Vis alle innlegg

søndag 1. november 2020

Flaum i Håelva

Dei siste har Jæren fått sin dose med regn,
og litt til..
Det hender at Håelva går over sine bredder,
både her og der,
men aller mest på Torland/Kaffiholen.
Eg har vore ved Kaffiholen
amng ei gong,
men kan ikkje minnast at det har vore så mykje vatn
som denne gongen.
På Torland ser ein tydeleg at elva er blitt innsjø


Ved brua på Kaffiholen,
ser ein nesten ikkje kor elva eigentleg renn

den som kjenner elveløpet, 
kan nok sei kor elva går vanlegvis


vatn, vatn og vatn...
så langt auge kan sjå..

mandag 2. oktober 2017

Håelva går over sine bredder..

Det har regna og regna i store mengder
og meir regn er på vei
 mørke regnfulle skyer over Nærbø sentrum
 eg har farta litt rundt
og sett på Håelva, eller innsjøen 
ja, for elva er nesten ein stor innsjø
frå Torland til ho renn ut i havet i Voien/Håtangen
*
Stølen/Nesheim 
 tidlegare i dag, var bonden utpå "enga" med båt,
for å berge sauer på tørrt land
 Njærheim
 Torland
her hender det at elva fløymer over 
når det kjem mykje regn,
men det skal visst nok ikkje vore så mykje vatn
 iallefall dei siste 32-33 åra
 poteter og grasballer er tekne av vatnet
 Bjorland/Torland
 bileta taler nesten for seg sjølv
 Alvaneset
 Obrestad
det regna heile tida eg var ute,
og meir har det kome seinare..
-håper det snart vert litt opphald,
slik at elver og bekker får trekkja seg tilbake 
og kan renna i si vanlege lei.