lørdag 30. juni 2018

"Nærbø rundt" på sykkel

det vart ein ny runde på sykkelen i dag..
i frisk vind og sol..
Eg sykla rundt om i bygda,
stoppa her og der for å fotografere.
 her på Bø
 der gamle skulen på Bø stod,
er det klart for byggjing av hus 
 Torland
 nokre skyer seiler over himmelen
skodda ligg på lur i havkanten
 Rimestad
 Søylandsvatnet
 Bekkeheien
 Høyland
 Håelva - ved Kaffiholen
 Lode
 Køhlerpavljongen
 Skjerpe
over alt vaia kornaksa så fint i vinden
 Nærbø Ungdomsskule
Ha ein fin dag der du er.

fredag 29. juni 2018

Sykkeltur med kamera i sekken

Endeleg skulle det laga seg for ein tur på sykkelen..
Har gjort han klar fleire gonger i vår,
men så har andre gjeremål krevd sitt,
og sykkelen nedprioritert...
 turen gjekk til Nærland og vidare mot sjøen,
såg mange fine motiv undervegs,
og stoppa på nokre plasser
 sandjorda tørker fort,
så her er dei raske med å vatne åkrane.
Kyrkja på Nærland,
er i dag avvigsla og i bruk til andre ting.
 snorbeine rekkjer
 nesten nede ved sjøen
 kornaksa vaia så lett i den vesle vinden
søre enden av Nærland strand
- her er alltid eit rikt fugleliv,
Fuglar på vei sør eller nord,
gjer ofte eit stopp her,
 og finn seg mat på veien.
 tett ved går kyrne på beite.
dei driv på med sitt,
og enser ikkje ein nærgåande fotograf
om steingarden kunne fortelja,
ville han nok hatt mang ei historie å bidra med
 sommarblomar, stein og blå himmel
det er bare eit vakkert skue
 Eit stopp i ved stranda Selvågen,
 er nesten obligatorisk..
Her er så stille og fredelig.
Det hender ei sjel går forbi, 
men oftast har ein plassen for seg sjølve..
 sykkelen og fotografen sykler vidare
på traktorvei og sti - 
og seinare sykkelsti og asfaltvei
Alt grunnarbeidet eg har gjort inne i vinter,
har lagt eit godt grunnlag for lengre turar.
Godt å kjenna at formen er bedre enn på same tid i fjor.
Ha ein fin dag!

tirsdag 26. juni 2018

Litt frå Sele

Lette skyer reiste over himmelen
vinden ruska i mitt hår,
når eg rusla langs med sjøen.
 skyene fanga fort min oppmerksomhet
 her er steinrikt langs sjøen
 ein fargeklatt midt i alt det grøne
ein hageblomst har forvilla seg ut i utmarka..
 mot Sele havn 
og Feistein der ute i det blå
 Sele og Bore strand
 forlatt - i sanden
 under vatn
 i sanden
 toroms i sanden
 mot Sele havn
etter mange dagar med andre gjeremål,
er det fint å kunne vandre ute i naturen,
kjenne vind og sol,
sjå på alt som finns rundt ein.
kjenne roen 
og få påfyll av energi og krefter.