onsdag 27. oktober 2010

Ut på tur 2

Etter ein fin tur i sol og snø
svinger vi inn på vegen til det vesle røde huset
.
Det er ikkje vårt, men vi får lov å låne det...
.
Dette vesle tunet var ein gong eit gardsbruk
.
bygninga er godt vedlike haldne
.
og vert no nytta som hytte og fritidsbolig.
.
Løa er ikkje stor,
så mange dyr kan dei ikkje ha hatt på garden.
.
Inne er det lågt unna taket
.
og det kan sjå ut som om alt er ved det gamle
(men dei har som mange andre hytteeigarar lagt inn vatn og betra standarden ein del)
.
i stova er det lunt og vedovnen varmar godt.
.
Vi et nista vår og ser på livet utafor
gjennom smårutete glass.
.
frammafor huset er det kort veg til vatnet
som er bade og fiskeplass på bruket.
.
Vi rusler tilbake same vegen vi kom
.
langs haustfarga tre
.
og tek eit siste blikk ned mot vatnet og det vakre landskapet.

søndag 24. oktober 2010

Ut på tur

ved vatn og fjell
i eit vinterkledd landskap.
.
Turen i dag startar ved eit vatn oppi fjella
litt sør aust for Egersund
.
- det var ein nytelse å gå langs vatnet
.
- haustens fargar, snø og vatnet som ein spegel
.
vindstille og sol...
vakkert!
.
turen går vidare på is og snø
.
det går opp og det går ned
.
langs nok eit vatn
.
før veien går inn i skogen...
.
Ein fin plass å gå
så stille og fjernt frå larm og støy
men likevel så nært...
.
10-15 minutt med bil frå Egersund by
det er alt som skal til for å finna denne perla her.

lørdag 23. oktober 2010

I solrenninga

Torsdag kom den fyrste snøen til Jæren
lyset endrar seg, men eit slikt skue har eg aldri sett før...
.
Då dei fyrste solstrålene var i ferd med å koma over åsen i aust,
var himmelen mot havet i vest, nesten som eit flammehav.
.
Eg var ute med bilen då oppdaga denne himmelen
og fekk kun med meg slutten då eg kom heim - til kameraet.
Når den gylne fargen forsvann,
vart det "mørkt i havet" og snøbygene kom etterkvart innover land.
.
Her er det litt av og på med internet tilkoblinga
det tek "år" for å få opp ei ny side.
Det fører til lite besøk i andre blogger,
eg håper dette blir bedre snart.
Eg takkar for kommentarane hos meg.
.
God helg til alle der ute i den store verden.

torsdag 21. oktober 2010

Håtangen

er ein fin plass å rusla på
.

- her er mykje å sjå på
.
og mange fin motiv.
.
For å koma litt opp i høyden,
.
klatra eg opp i fyrlykta som står på Tangen.
.
Jæren er steinrik
.
- det viser igjen på gamle hus,
ofte er nedre delen bygd opp av stein.
. Litt bortafor, ligg dette huset
.
eit bygg med sjel i, er min første tanke.
.
Ha ein fin dag.

mandag 18. oktober 2010

Bjerkreimsendaren

som står på Moifjellet
er ein av toppturane i Bjerkreim Kommune.
.

Det er nesten berre oppoverbakkar frå parkeringsplassen
.
sendaren er på 563 moh

herifrå kan ein på ein klarversdag sjå 48 kyrkjesokn
frå Kristiansand i sør til Folgefonna i nord.
.

når vi reiste heimanfrå skein sola frå blå himmel,
men etter kvart som vi køyrde
kom mørke regnskyer sigande innover frå havet
.
- slik var vart vår utsikt...
ein kan såvidt skimta havet langt der ute....
.
det er ikkje så mykje som veks her
.
men bærlyng og andre små planter
klorer seg fast mellom steinar og fjell
på stadar der det er minst vind.
.
dei mørke skyene måtte tilslutt sleppa ut litt regn
.
då tok vi fatt på nedturen
.
- nesten nede kom sauene sprimgande mot oss -
selkapssjuke eller lystne på ein godbit....
.
nesten tilbake til utgangspunktet og hovudveg.
.
Bileta er frå to turar til sendaren,
nokre er frå juni 2008, då det var veteranbiltreff på toppen.
Resten er frå gårsdagens tur.
.
Vi var ikkje blant dei spreke som gjekk til topps,
- av og til er det greitt å vera venn med grunneigaren
og få lov til å bruka vegar som er stengde for allmenn ferdsel.
På den måten kan ein bringa fleire ut i naturen,
- bl.a. dei som aldri ville nådd toppen på sine eigne bein.
.
Ha ein fin dag.

lørdag 16. oktober 2010

Langs steingard, dyrka mark og beite....

Etter dagar med ekstra arbeid og andre oppgåver
var det godt å koma seg ut på tur i dag.
Å kjenna vinden ruska i mitt hår
og sola varma om kinn,
det føles ekstra godt etter mange "innedagar".
.
Turen går på Hå
.
- her er steingardar i alle retningar
. - dyra kan beita nesten ned til sjøkanten
.
- her ligg mykje slit og kav
stein på stein er lagd med handamakt.
.
- Hå elva renn stille gjennom landskapet.


God helg!