fredag 27. november 2009

Dagane går......

Eg er komen vel heim frå Sogn,
og komen ut av "bobla" der ein bare tenkjer på seg sølv og eiga trening....


I og med eg har invitert gjester til overnatting og festligheter
har eg mange andre oppgåver å ta fatt på.
Dagane går fort mot neste helg
så eg må bare bretta opp armane og setja igang.
......
Sidan nokre av gjestene har spesielle diettar
må eg laga mykje av maten sjølv.
I dag er eg igang med kakebakst,
noko som i seg sjølv vert ei utfordring
då det ikkje kan innhalda
gluten, melk, egg, soya eller mais........
for eit par av gjestene.
....
Eg trur eg har knekt koden,
og har funne fram til eit par oppskrifter som eg kan bruka,
men tek gjerne imot tips
om nokon skulle sitja inne med to, tre oppskrifter av dette slaget...

Når det gjeld trening og tur
så vert det nok litt mindre av det slaget neste veke.
Har hatt ei økt i bassenget i dag
det var kjekt å koma tilbake til mine badevenner...

Tusen takk for alle kommentarar og tilbakemeldingar
medan eg var i Sogn.
Det vart lite besøk hos dykk i denne perioden
eg kjem sterkare tilbake over neste helg,
då kan eg lena meg tilbake i godstolen og bruka litt tid til blogging.
.....
GOD HELG!

torsdag 26. november 2009

Macro

Var ute ein dag og leika meg litt med macrolinsa
der nord hadde vi lite vind
(i motsetning til her heima)
og då er det kjekt å ta macobilete.
Kos dokke med dagens knippe bilete.



Ha ein fin dag!

tirsdag 24. november 2009

Endeleg

har nettet vore stabilt lenge nok,
til at eg har fått lasta opp eit par bilete og skreve ein tekst.
Eg er no komen til siste aktivitetsdag,
av mitt 4 vekers opphald her i Sogn.
I morgon tidleg startar eg på den lange bilturen heim til Jæren.
....
Det har vore eit godt opphald
og eg har gjort framgang på fleire område.
Denne gongen har temperaturen vore kald nok
til at eg har klart yta meir enn sist opphald.
Det gjeld stort sett turar i skog og mark,
men trening heime har og gitt resultat
det viser igjen på styrketreningane her.
.......
Eit av mine mål denne gongen
vart til undervegs her.
Eg kjende at kropp og føter fungerte
og sette meg mål om å nå ein ny fjelltopp før heimreis.
Sidan eg må gå i mitt eige tempo
ta pauser undervegs
så fekk eg fylgje av ein av fysioterapautane her på huset.
Det var på ein onsdag og alle på huset skulle ut på tur,
dei andre skulle gå ei lengre løype,
men den som ville kunne og gå til same toppen som mitt mål, i tillegg.
For at eg skulle få den roen og tida eg treng,
starta vi ein time før resten av gjengen....
......
Det regna men var vindstille,
eigentleg eit godt turver.
......
Første del av løypa var eg kjent med,
det er stort sett oppover bakkar,
til ein kjem opp på platået der "Steinen" ligg.
Her er det lettare å gå, innover på flata,
fram til neste stigning startar
og då er det opp og opp til ein kjem på toppen.
Det gjekk jamt og trutt
ein pustepause og to, kanskje tre måtte til....
Det var ein god følelse å kunna setja seg ned på toppen
og nyta naturen rundt seg.

medan vi var på toppen vart det pause i regnet.
Utsikt frå Storåsen 306 moh.
.......
Lurer på kva eg kan oppnå på mitt neste opphald, i april.....?
.......
Nå er det opp til meg,
korleis eg vil utnytta heimaperioden
slik at eg kan visa til endå bedre resultat 5 månadar fram i tid.

mandag 9. november 2009

Ut på tur

Det er søndag morgon...
Mange sit ennå ved frukostbordet
då eg tek sekken på ryggen og startar på min tur
oppover fjellsida...
Vindstille, nokre plussgrader og lettskya,
perfekt dag for tur.

eg går oppover på ein traktorveg
forbi små åkerlappar
som er adskilt med steingardar og gjerder
første mål er den berømte steinen.
Når ein komen opp hit
er dei tyngste bakkane unnagjorde
og ein kan gå innover på flaten mot neste topp
på stier som snor seg mellom stein og tuer


eg går mot Storåsen, til eg kjem til neste stigning

Her snur eg


og går tilbake til steinen
kor eg tek fram nista
Eg sit her og nyt roen og freden
lyttar til fuglesong og bekkesildring


medan eg ser på det flotte landskapet under meg

studerar lys og skyer
som stadig endrar seg i horisonten

Det er på tide å gå heim att...
Dei bakkane eg sleit meg oppover
er no lette å gå
ein herleg følelse......


stammemannen ønska meg god tur heim
og velkommen tilbake.....
.
Kva ser eg på bileta i forrige innlegg?
.
på første bilete ser eg følehorna til ein snegl
som sakte men sikkert kryp framover på greina
.
på andre biletet ser eg eit troll
.
Ha ein fin dag.

torsdag 5. november 2009

Kva ser du?

På mine vandringar har eg sett mange ting langs veg og sti...
.

med litt fantasi kan ein finna mange figurar i mose og greiner
.
kva ser du?

tirsdag 3. november 2009

Denne bakken er utgangspunktet for fleire av turmåla her...
og starten på mine morgonturar....

han ser kanskje ikkje så bratt og tung ut
men eg skal sei tunga hang ned på knea og pusten gjekk
dei første gongane vi kava oss opp her....
her er mykje skog rundtom
og i desse tider ligg lauvet over alt,
når eg stod klar og skulle ta dette biletet
kom det eit vindkast og virvla lauvet rundt og rundt
slik er landskapet her vi er
innerst i ein fjordarm i Flekkefjorden.
For den som lurar, så er eg snart frisk og i full aktivitet igjen...
lågtrykket kom og hit
og dermed vart internet ganske så tregt her
det er grunnen til at eg ikkje har skreve eit innlegg dei siste dagane...
Ha ein fin dag!