tirsdag 28. juli 2020

I regn og vind, med spade og spann, på Eigerøy strand

ein ivrig liten arbeidskar i vannkanten
 sjølv ein død krabbe er spennande 
 bileta taler for seg sjølv
både bestemor og bestemorgutten var våte etterpå,
men kva gjer vel det,
vi hadde ei fin stund saman

Kveld på Nærland

Bilete frå ein kveldstur på stranda
 skyer i mange former og farger seiler forbi
 her og der speglar skyene seg i vatn på stranda
 sola går ned i havet
og seier takk for i dag
roen senker seg
 det er på tide å vende nasen heimover..

mandag 20. juli 2020

Tur til Trollpikken, eller steinelefanten som det vart for oss

Turen starter med å gå 900 meter på asfalt, 
grusveg og ein lang motbakke.
Vi valgte å bli køyrt oppover til der stien starter
 det er tydeleg at det har vore mykje nedbør i det siste.
Elver, bekker og vatn går over sine bredder
 det er fint med trestier,
det skulle nok vore fleire enn det er i dag,
for mange stader er det ganske vått og sorpete
 fint å sjå på vatnet som kjem i mot deg,
 det er kupert,
mykje opp og ned på berg og stein,
men ikkje så mange høgdemeter
 tydeleg at det er vått i jorda
stien svinger seg i fin natur 
 me var tidleg ute,
og møtte få på vår veg oppover
 det er lenge sidan det har vore så vindstille,
fint å sjå på blikkstille vatn
 der ser vi den berømte steinen,
litt gøymt bak ein fjellknaus
 vi gjekk på oppsida av den berømte steinen,
der vart heile berget som ein elefant i våre auge
 rast i solskinet må til
 på vei ned att,
møtte vi mange som var på veg opp..
og vi var glad vi starta tidleg
ein fin tur,
i lag med gode venner

onsdag 15. juli 2020

Brusand-Kvassheim fyr

Mørke tunge regnskyer heng over landskapet.
Skyene seiler av stad,
i ei anna retning enn der vi går.
.
Mykje vatn i Fuglestadåa,
og den vesle brua er dekka av vatn.
 Brusand strand
 vi går i nordleg retning
- mot Holmestø, Kvalbein strand og Kvassheim fyr.
 Holmestø
 graset er grønare på andre sida...
to er ute og den tredje på vei gjennom opninga i gjerdet
 grå, men perfekt dag til vandre på vei og sti,
og langs strand og sjø
 Kvalbein strand,
ligg litt gøymt bak sanddyner,
og ein kan ikkje sjå stranda frå veien.
Mang ein Jærbu veit nok ikkje om at stranda finns.
 vi vandrer på sand og stein
 stranda er lang
 vi rusler vidare over bondens beitemark
kyene driv på med sitt,
og kikker såvidt opp når vi går forbi
 Kvassheim fyr
vårt mål i dag
ein fin tur i godt selskap

Ei sky i endring

Det var ein dag med blå himmel,
og mange skyer
Eg vandra langs strand og hav
 fuglane kvitra 
bølgjene slår mot land
 eg vart med eitt
oppteken av ei sky med langt nebb
 dette blir ein fotoserie av skya som stadig endrer seg
 i mine auge: ein fugl som kikker over sanddynene
 i mine auge: ei mus med lang nase
 andre skyer i fine former
 snabeldyr
 snabeldyret 
 andre fantasifulle skyer
 snabeldyret i lav høyde
 snabeldyret er snart blitt til andre ting
 nasen blir kortare
 krokodille i lav høyde over sanddynene
 slik kan ein lage seg eit eventyr
medan ein går på tur
 fabeldyret seiler vidare
eg vandrer vidare langs bondens åker
eg hadde blå himmel over meg,
heile tida,
medan skyene låg i ein krans rundt meg.